Til sjukehus etter slåstkamp
Ein mann i 60-åra ligg skadd på Haukeland etter ein slåstkamp i natt.
Klokka 04.18 natt til laurdag fekk politiet melding om skadd mann etter slåstkamp i eit hus.
– Vi rykte ut og fann ein skadd mann i 60-åra i eit husvære, fortel politibetjent Tom Johannessen.
Kor skadd han hadde blitt er uvisst, men han blei lagt inn på sjukehus i natt.
– Det var to andre personar i husværet. Ein av dei, ein mann i 40-åra, blei tatt med til fengsleg forvaring, mistenkt for å ha skadd mannen i slåstkampen.
Fann stolen mobil
Etter at det var meldt om mobiltjuveri oppsøkte politiet i 20-tida i går ein person som viste seg å ha den stolne telefonen heime.
– Vedkomande får eit forelegg, fornærma har fått telefonen tilbake.
Fjerna mann frå Askvik
Rett over midnatt fekk politiet melding om utagerande og hissig mann på nedre Askvik.
– Det var ein mann i starten av 30-åra som vi fjerna frå plassen og gav pålegg om å halda seg vekke, seier Johannessen.