Til semifinale i Norway Cup
I går vann dei ein spennande 1/8-finale, no er Nore Neset J14 klare for å kjempa om finaleplass i A-sluttspelet.
Nore Neset J14 fekk ein spennande 1/8-finale torsdag kveld.
• Les òg: Nore Neset på vinnarsporet
Motstandar Ekholt kom på 2. plass i pulja, etter tap for Bremnes, eit lag Nore Neset har slått fleire gongar i serien.
Men etter å ha tatt leiinga 1-0, ei stilling som sto seg til pause, utlikna Ekholt. Nore Neset gjekk opp i leiinga igjen, og 2-1 sto seg kampen ut.
Klare for semifinale!
Klokka 09.00 fredag morgon starta dagens semifinale. Motstandar Dahle/Nordland var puljevinnar og slo islandske Stjarnan 2 og Osterøy før møtet med norenesingane.
Nore Neset leia også denne kampen 1-0 til pause, og i dag kom det inga utlikning.
– Dei var litt farlege på kontringar og på lange innkast, men forsvaret hadde god kontroll og vi unngjekk uhell baklengs, seier ein nøgd Morten Døsen.
I staden gjekk dei opp i 2-0 etter pause og auka til 3-0 kort tid før slutt.
• Nore Neset vann til slutt 3-0 og speler semifinale på Ekeberg (bane 5) klokka 14.00 i dag!
Kampen går mot Lambertseter, som slo Store Bergan 3-0 i sin kvartfinale.
– No skal vi heim til hotellet og kvila i 1,5 time før lunsj og avreise til Ekeberg.
• Os G17 speler kvartfinale i A-sluttspelet klokka 11.15 i dag (Ekeberg bane 29).