Til peiskos og solvegg
Anten det blir «inne-vêr» eller du vil roa ned etter ein frisk dag i bakken, her er litterære anbefalingar og topp 10-lister.
Hausten og vinteren har vore prega av mange spennande nyhende på bokfronten. Truleg vil mange av desse vera med i sekken til påskefjellet, eller i charterbagasjen i retning varmare strøk.
Henny Nybø på Osøyro Libris seier at det går ein del bøker no i desse tider.
– Vi har framleis restesal på bøker etter Mammutsalet, så her er rikeleg å velgja i av billege bøker. Men vi ser at rett før påske er det mange som vil sikra seg nye bøker som har fått gode bokmeldingar.
Krim-høgtid
– Eg veit ikkje kvifor det har blitt slik at krim heng saman med påsken. Det har vore slik «alltid», med krimbøker i neven og påskekrim på tv. Opptil fleire faktisk. Det kan jo henga saman med at svært mange liker å lesa krim, og i påsken har folk fri og betre tid til å lesa.
Men Nybø har råd også til dei som liker andre sjangrar.
– Det er lov å lesa noko anna også! Elena Ferrante-bøkene har blitt eit fenomen, og har vore kjempepopulære sidan første bok.
Lokale barnebøker
«Det er ein elefant i barnehagen» av Bjørn T. Bøe og «Prompeboka» av Bente Bratlund er nye lokale barnebøker.
– Lokale barnebøker tykkjer vi er ekstra stas, og dei stiller vi ofte ut på disken slik at folk lett ser dei. Dette er gode barnebøker, og desse kan vi anbefala. Det er ikkje alltid berre dei vaksne som treng nye bøker til påske.
Topp 10-lister frå Libris
Roman og krim:
1. Dei som flyktar og dei som blir. Elena Ferrante
2. Ikke bestått. Hjort Rosenfeldt
3. Etter deg. Jojo Moyes
4. Slekters gang. Jan Kjærstad
5. Svin. Karl Johan Vallgren
6. Historia om det nye namnet. Elena Ferrante
7. Washiongtondekretet. Jussi Adler-Olsen
8. Stormens søster. Lucinda Riley
9. En femte årstid. Torkil Damhaug
10. Monster. Jørgen Jæger
Pocket:
1. Engletreet. Lucinda Riley
2. Blindgang. Jørn Lier Horst
3. Den grenseløse, Jussi Adler-Olsen
4. Jernblod. Liza Marklund
5. Kureren. Kjell Ola Dahl
6. Piken på toget. Paula HAwkins
7. Alt lyset vi ikke ser. Anthony Doerr
8. Påskekrim 2016 - 17 kriminalnoveller. Unni Lindell, Øystein Wiik med fleire.
9. Det vokser et tre i Brooklyn. Betty Smith
10. Alex. Pierre Lemaitre
Barn/ungdom:
1. Operasjon Sirkus - detektivbyrå nr 2#10. Jørn Lier Horst
2. Nedtegnelser fra en perfekt hundepasser – NOT– Dustedagboka 10, Rachel Renée Russel
3. Disney Busy book Frost. Walt Disney
4. Disney Busy book Avengers Assemble. Walt Disney
5. Olafs elleville eventyr. Disney
6. Gutta i det Du-tror-det-ikke-før-du-ser-det store trehuset med 52 etasjer. Andy Griffiths.
7. Sommersverdet - Magnus Chase og gudene fra Åsgard 1. Rick Riordan
8. Den gode dinosaur - Disney Klassiker. Disney
9. Den gode dinosaur - Disney Magiske historier. Disney
10. Disney Busy book Frost feber. Walt Disney