Lokal | 15. des. 2016

Til Osøyro med hjartevarme

Myrna Braza kjem til Os for å synga, Marco Elsafadi held foredrag i løpet av hjartevarme-helga i Os sentrum.

Til Osøyro med hjartevarme
Myrna Braza, her i Oseana på støttekonsert i november 2015. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. des. 2016 09:30

For tredje år på rad er siste helga før jul sett av til omtanke for andre, midt i julestria i Os sentrum.

Os Sentrumsforening har med seg Os kommune og Os kyrkjelyd til å halda «Hjartevarme og gjevarglede».

Søre Neset Musikklag speler i gatene, Nornekoret deler seg opp i puljer og driv caroling i butikkane og det blir samla inn pengar til nokon som treng det.

For programmet søndagen har vi fått dette lesarinnlegget:

HJERTEVARME OG GIVERGLEDE
Kløvertun, søndag 18. desember kl 18

Vi høyrer kvar dag om dei forferdelige forholda i Syria, spesielt i Aleppo, der menneska føler at resten av verda har lukka augene for alt som skjer der.

Men det finnest eldsjeler, blant anna familien Elsafadi, som har familie og venar i Syria.

Mor Elsafadi (Hedye) har vore engasjert i mange år og reiste også til Lesvos og var med og hjelpte til der. Underteikna fekk vera med å besøka familien i Syria, Hamas og Damascus rett før krigen braut ut, og veit at dei kronene vi kan samla inn denne kvelden vil koma fram til mange som treng det til mat, brensel, varme klede med meir.

Mange drar nok kjensel på namnet Marco Elsafadi, kjent som basketballspelar, utmerkingar innan sport, deltaking i Mesternes Mester, programleiar med meir.

På søndag kjem Marco Elsafadi og søstera Madeleine til Os, der Marco vil halda eit foredrag til inspirasjon og ettertanke.

Han vil òg signera og selja boka si og alle inntektene vil gå til innsamlingen for syriske flyktninger som hans familie organiserer, og som vi veit går direkte til hardt trengande menneske.

Vi har òg med lokale krefter innan musikk, Olav Skorpen, Kari Thorsvik og Solfrid Hernes, som vil levera musikalske perler.

Og Myrna Braza, som vi òg kan kalla osing, vil vera med og spela eit par låter frå si siste plate.

• Sjå òg: Talane, diktet, musikken (video frå støttekonserten til Syria i 2015)

Det blir sjølvsagt tid for å mingla over kaffikoppen med heimebakte kaker og loddsal med flotte gevinstar.

Søndag 18. er resultatet av ein stor dugnad og mykje gjevarglede, der alle involverte stiller opp gratis og alt som kjem inn denne kvelden går uavkorta til hjelpearbeid til syriske flyktninger.

Ei spesiell takk til gjengen på Kuhnle med Eva Havre i spissen som har organisert, samla inn og jobba mykje med Hjertevarme og Giverglede-kvelden.

Takk til alle som har sørgja for at kvelden kan gjennomførast!

Og har du lyst å delta på kvelden så må du ta kontakt med underteikna for påmelding.

Med helsing
Eva Havre og Tove Tvedt Skarstein (90837644)






Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.