Til Os med drivhus og hagestover
Grønt Fokus held på å bygga butikk for bergensregionen - på Gudriflaten.
25 år gamle Grønt Fokus AS er ein leiande aktør innan sal av drivhus i Noreg, og ekspanderer no langs Norskekysten.
– Vi har nyleg hatt ei svært vellykka opning i Sandnes, der Trond Moi sto og serverte fiskesuppe i det som òg er ei butikk i butikk-løysing, seier Thore Fossheim.
I Os som i Sandnes leiger Grønt Fokus lokale hos Plantasjen. Butikken på Gudriflaten er under bygging og skal opna i starten på mai.
Lokale drivarar
Rundt 400 kvadratmeter av Plantasjen i Os blir no med hagerelaterte, supplerande varer.
– Butikkane vi har frå før, i Oslo og Kristiansand, er ikkje saman med hagesenter, men vi har veldig tru på denne kombinasjonen. Plantasjen har både møblar, og grønt til å fylla hagestoven og drivhusa våre med.
Då Midtsiden var innom fredag var Frode Strønen i god gang med montering av nokre av hagehyttene i utstillinga.
Han har lang fartstid i bransjen, spesielt innan engros, og skal jobba i butikken også etter opning. Butikksjef blir Trude Glesnes Bakkely, også ho frå Os.
Stort nedslagsfelt
Grønt Fokus sel frå før over heile landet, og reknar med at butikken frå Os vil tiltrekka seg kundar også frå nabokommunane.
– Vi blei kjøpt opp av svenske Skånska Byggvaror Holding AB for nokre år sidan. Dei er frå før store på skyvedører, noko som både pregar hagestovene, drivhusa og resten av utvalet vårt.
Grønt Fokus var lenge blant marknadsleiarane i Noreg innan basseng, men har dei siste åra hatt fullt fokus på tak over hovudet. Ved sidan av hagestover og drivhus har selskapet leikehytter og bodar, markiser og badstover i utvalet.