Lokal | 29. sep. 2013

Til legevakt etter slåstkamp

Politiet fortel om utforkjøring i Mobergsbakken laurdag kveld og funn av forslått mann i Hamnevegen.

Til legevakt etter slåstkamp
(Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 29. sep. 2013 11:20

Laurdag i 23-tida fekk politiet melding om utforkjøring i Mobergsbakken.

– Det var ingen personskade og bilen kom seg på vegen igjen, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Terje Magnussen.

Klokka 01.40 fekk politiet melding om slåstkamp i Hamnevegen.

– Ein mann i midten av 20-åra blei kjørt til legevakt for sjekk.

– Det er ikkje oppretta sak eller notert noko gjerningsmann etter slåstkampen, seier Magnussen.

Mannen skal ha blitt funnen forslått ved Oselvarnaustet.

Det er uvisst om vedkomande har vore gjest ved uteplassen Solsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.