To til kokke-NM
Børge Brekke og Lukasz Brekke er ikkje i slekt - men begge osingane er tatt ut til finalen i NM i kokkekunst.
Osingane Børge Brekke og Lukasz Brekke er saman med ti andre tatt ut til finalen i NM i kokkekunst 2009 i Ålesund i august.
Tøff konkurranse
Børge var "Årets Skreis-kokk 2006" og var lagleiar for kokkelærlingane ved Neptun Hotell som blei Noregsmeistarar same år.
- Eg var også med i finalen i 2004 og 2006. Dei seks beste får plassering, dei neste kjem på delt 7. plass, slik eg gjorde. Konkurransen er hard, Noreg har også i internasjonal samanheng gode kokkar.
Sendte oppskrift
Børge jobbar som kjøkkensjef på Bjørnefjorden Gjestetun. Lukasz har også jobba på Bjørnefjorden, men har no Bergen Airport Thon hotel som arbeidsgjevar.
- Ut frå meyen som er oppgåva har vi sendt inn oppskrift. Ein anonym jury i Norges Kokkemesteres Landsforening har vurdert det som er sendt inn og valt ut 12 finalister, forklarar Børge.
Når Brekke og Brekke stiller i finale i Ålesund i august, skal dei laga retten dei har sendt oppskrift på.
- Til saman seks timar går med, og det blir nokre hektiske timar. Sjølv om vi har lov til å skrella grønsakene på førehand og ha med ferdig innkokt kraft, seier Børge.
Her er oppgåva som deltakarane til no berre har svart på skriftleg:
Forrett: Retten skal bestå av minst 60% torsk, Tine-produkt, blomkål, gulbeter og rød delikatesseløk.
Som garnityr må 2 av grønnsakene benyttes.
Hovedrett: Retten skal bestå av minst 60 % Liveche kylling, norske belgvekster, norsk purre og norsk hvitløk. Minst 2 av grønnsakene må benyttes som garnityr.
Dessert: Retten skal bestå av minst 60 % krembasert produkt. Fryst element, Walrhona sjokolade, eple og fersk pasjonsfrukt.