Til finalen med denne videoen
Før Os Musikkforening går på scenen i Oseana i morgon, er avstemminga over.
Oseana sitt sommarprogram speler vidare, og denne helga er det korps på plakaten. I ettermiddag har Os skulekorps og Lyshornet skulebrass halde konsert (vi kjem tilbake med video og bildeserie), i morgon går Os Musikkforening på scenen med konserten «Gjensynsglede».
Før konserten kan dei voksne korpsmusikantane gle seg over å ha tatt seg til finalen i den landsdekkande konkurransen VIVO.
Os Musikkforening fekk verken spela Før-NM-konserten i Oseana eller delta i sjølve NM Janitsjar i Trondheim, grunna koronapandemien.
Frå opprykk til videokonkurranse
OMF skulle spela i 1.divisjon for første gong på over 30 år.
Men Norges Musikkorps Forbund har halde korpsa skjerpa ved å arrangera VIVO.
Asle Bentzen har laga videoen som sendte Os til finalen.
Berre åtte korps er i finalen, og vinnar blir avgjort ved avstemming på nett. Frist for å stemma er klokka 12 søndag.
I ruta under (og på Youtube) ser du videoen som sendte Os Musikkforening til finalen.
Konserten i Oseana søndag startar klokka 16.
Os Musikkforening fortel at konserten vil innehalda vakker, livleg og noko kjent musikk.
OMF blir leia av dirigent Magnus Brandseth, konserten blir leia av æresmedlem Karl Ole Midtbø.