Lokal | 11. juni 2016

Tiggarar sette foten i bildøra

På dagtid fredag måtte politiet visa vekk til saman seks tiggarar, i to timar, i natt var det ein 50-åring dei fekk problem med.

Tiggarar sette foten i bildøra
Tiggarane flytta seg mellom Meny, Kiwi, Plantasjen og Amfisenteret - og politiet følgte etter. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 11. juni 2016 09:39

Fredag klokka 12.55 fekk politiet melding og svært pågåande tiggarar ved fleire butikkar nord for Os sentrum.

– Dei hadde følgt etter kundane til bilen og sett foten i døra for å hindra folk å lukka igjen, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Politiet ba dei fjerna seg frå staden, men tiggarane rullerte mellom Meny, Kiwi, Plantasjen og Amfisenteret. Denne gong var det ikkje snakk om sal av gjenstandar eller magasin, men rein tigging, nokre av dei med plakatar der dei ba om hjelp til seg og familien sin.

– Det sto på frå klokka 13 til 15. Ein av dei påsto at han hadde løyve frå butikken, men det viste seg å vera feil. Til saman seks tiggarar, ansikt vi ikkje har sett i Os før, vist vekk.

Vaksen mann slo seg vrang

Klokka 02.29 fekk politiet melding om ein mann som var i tumultar med vaktane på ein utestad i Os sentrum.

– Han nekta å oppgje personalia då vi patruljen kom til staden og blei tatt med inn på lensmansskontoret. Etter ei stund fekk vi veta kven han er, og han blei køyrd heim. Han var ikkje heilt enkel å ha med å gjera på veg heim, heller.

– Vedkomande, ein mann på rundt 50 år, blir meldt for å uroa offentleg ro og orden. Måten han oppførte seg på kvalifiserer for at han blir meldt for fleire forhold, og det kan det godt henda han blir.

Vinglete, men edru

På ettermiddagen fredag, klokka 16.38, fekk politiet melding om vinglete køyring på Byvegen retning Os.

Bilen blei stoppa, men førar var edru.

Klokka 19.20 rykte brannvesenet ut på ein automatisk alarm i Os sentrum.

I 3-tida i natt fekk politiet tips om ein som gjekk og såg i postkassar i sentrum. Dette viste seg å vera eit avisbod.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.