Lokal | 26. mars 2013
Tidleg varsling
...gav rask sløkking av grasbrann på Giskavollen.
Andris Hamretysdag 26. mars 2013 15:25
Omlag 14.55 tysdag ettermiddag fekk brannvesenet varsel om røyk frå den gamle Røde Kors-tomta på Giskavollen.
- Det hadde ikkje fått utvikla seg så mykje før vi kom til staden og fekk starta sløkkearbeidet, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Ti minutt seinare var brannen søkt og ein kunne konsentrera seg om å dynke marka skikkeleg før ein forlot plassen.
- Takket vere rask varsling gjekk det bra denne gongen, seier brannsjefen som igjen åtvarar folk mot å gjera opp eld no når det er så tørt.
Les òg: – Bruk sunt bondevett!