Ti sider om Carr sitt hus
Interiørdesigner Yolandi Carr frå Os deler ut tips og inspirasjon over ti sider i siste Bonytt.
Yolandi Carr frå Sør-Afrika flytta til Os i 2008, etter at ho møtte engelskmannen Colin, som har budd i bygda i fleire år.
Midtsiden intervjua interiørdesigneren i 2010, etter at ho var godt i gang med sitt nystarta firma, som no heiter My Bespoke Lifestyle (min skreddarsydde livsstil).
• Les òg: Nytt kjøkken på 11 dagar (med bildeserie)
Det har blitt stadig meir travelt med interiør-rådgjeving, både i bergensområdet, på Austlandet og utanlands, spesielt dei to siste åra har blitt hektiske.
– Eg prøver å halda meg til eitt prosjekt i månaden, men i det siste har det hopa seg litt opp. Eg har innreia ein bustad i Sør-Afrika, via nett, og eg har vore i Estland og innreia ein større lodge.
Viser heimen sin til Bonytt-lesarane
I januarutgåva av Bonytt er det ikkje kundane sine løysingar det handlar om, men ekteparet Carr sin heim i Ingjelsbrekko ved Hauglandssjøen.
– Colin hadde ein stor bustad på Halhjem, altfor stor for berre oss to etter at ungane hans blei vaksne. Vi har venar på Haugland og eg forelska meg i utsikta. Då vi fekk tak i ei lita, men god tomt, fekk vi hjelp av Os-arkitekt Bernt Helén til å få det beste ut av plassen, seier Yolandi til Midtsiden.
Over 10 sider får vi sjå eksteriør og interiør, innandørs grill (!) importert frå Sør-Afrika og heimelaga møblar, kombinasjon av skandinavisk og sørafrikansk stil, alt med same fokus som ho har når ho tar oppdrag; det skal vera praktisk.
– Bonytt-redaksjonen hadde sett bilda mine på Instagram og inviterte seg sjølv på photoshoot. Eg har vore i interiørmagasin før, men ikkje i slikt omfang, dette er veldig stas for mitt vesle firma, som elles berre bruker jungeltelegrafen for å nå ut.
Rom for små budsjett
My Bespoke Lifestyle sine oppdrag spenner frå rådgjeving til oppussing av eit enkelt rom til planlegging og detaljteikning saman med arkitekt - gjerne av ein heil bustad eller ein ny butikk.
– Eg har framleis hovudfokus på det praktiske, både oppbevaring og korleis heimen din skal fungera. Det er lett å oversjå noko, det kan vera så banalt som at folk pusser opp eller bygger nytt utan å tenkja over kvar strykejern eller støvsuger skal stå, og ender opp med å gå gjennom heile huset, til ein bod, kvar gong dei skal gjera husarbeid.
Yolandi bruker eit 3D-program der ho designer romma heilt ferdige. Saman med dette leverer ho komplett forslag til innreiing, med merke og pris på kvart enkelt møbel, om du vil.
– Oppdraga kan vera små, som å laga eit nytt soverom eller kjøkken til eit visst budsjett. Sjølv om 3D-programmet gjer jobben min effektiv, krev det samla sett ein del tid å både planlegga og å finna kvart enkelt møbel med pris.
Elskar å servera andre
Yolandi er glad i mykje av det norske, men er nok meir ivrig på å laga besøk og fest enn ein gjennomsnittsnordmann.
– Eg er glad i å laga mat og eg liker å ha gjestar. Eg har ein tendens til av og til å gjera litt mykje ut av det, det kan bli ein femrettars til eit ganske stort antal gjestar. Det gjer at eg gjerne ikkje rekk å vera så sosial sjølv, men både det å stella i stand ein fest og det å veta at folk har hatt ein fin kveld gir meg noko.
Det siste året er det ikkje berre interiørbilde som har hamna på instagramkontoen til My Bespoke Lifestyle, fru Carr tar òg bilde av maten sin.
– Eg har faktisk blitt hyra inn til å dekorera bord til ein juleselskap, og til å koka i eit bryllaup, men det var til venar, eg har ikkje ambisjonar i retning catering.
– Smaken er naturlegvis viktigast når du lager mat, men dette med det visuelle er med på å påverka sansane, og både matlaging og matstyling er noko eg syslar med som hobby ved sidan av hus og heim, fortel interiørdesigneren frå Haugland.