Thomas i mål etter 24 timar
Thomas Andersen i mål på 2. plass etter nøyaktig 24 timar på ski over Hardangervidda.
Klokka 12.30, nøyaktig eitt døgn etter at han starta på Haukeliseter gjekk Thomas Andersen i mål på Maurset i Eidfjord.
Då hadde 41-åringen lagt bak seg 100 kilometer på ski, med ein 40 kilo tung pulk på slep.
I mål måtte Andersen sjå seg slått av ungguten Trygve Markset (24). Markset er tidlegare aktiv langrennsløpar med NM-gull i stafett for junior, men har ikkje tidlegare delteke i Expedition Amundsen.
Sigurd Beldo har i skrivande stund att 3 kilometer til Maruset og ligg an til å koma på 14. plass i sin debut på det tøffe løpet.
Minst fem osingar med
Midtsiden har i løpet av dagen blitt klar over at det er fleire osingar som deltek i ekstremløpet.
Birte Haugland, som har vakse opp på Haugland, men som no bur på Voss, går på lag med Trude Kaald. Dei to har i skrivande stund att vel 30 kilometer til mål.
Med er òg Anders Tønnessen Rød og Anders Berntsen.