Thomas Andersen tilbake på tronen
100 km med pulk: I fjor mista han førsteplassen nærmast på målstreken, i år var han best av dei som gjekk åleine.
Åsnes Expedition Amundsen 2017:
Kongen av Hardangervidda, Thomas Wallin-Andersen frå Os, leia mesteparten cirka 99 av 100 km av rennet i fjor, men i staden for å ta sin 5. førsteplass kom han inn på beint 24 timar og tok sin tredje 2. plass to minutt bak vinnaren Trygve Markset.
• Les òg: Thomas e’ ei maskin!
I år har Thomas gått og kniva med den same Markset, men Markset går i år i team med Håvard Hanssen (Team Amundsens Sport). Å gå i lag med andre er lettare, og desse deltar i eigen klasse.
Team Amundsens Sport gjekk i mål 11 minutt før Thomas.
«Team Amundsen først i mål kl 11.26. Vi gratulerer Thomas Wallin-Andersen som vinner av individuell klasse. I mål kl 11.37» skriv xtremeidfjord.no.
Framfor Olaf Tufte
Bak Thomas følgjer eit anna lag, Team RAB/ÅSNES, som består av Øyvind Lillehagen, Halvor Wang og ikkje ukjente Olaf Tufte.
Avstanden bak til andreplass individuelt er stor! Her ligg Ådne Messel Nafstad og Kristian Horne og knivar.