Fotball | 06. juni 2011

Texas på Stilvoll

Knyttnevane hagla i møtet mellom Søfteland og Bergenstjerne. – Dommaren var redd. Eg forstår han, seier Bjørn Mjelva.

Texas på Stilvoll
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 06. juni 2011 22:39

Søfteland, som rykte opp til 6. divisjon i fjor, tok laurdag for første gong imot laget Bergenstjerne.

Laget har vore i alvorleg bråk fleire gongar før, blant anna mot Follese i fjor og Frøya i 2009.

På Stilvoll blei det også trøbbel, etter pause utvikla det seg med knyttneveslag og trugslar mot dommar, spelarar og publikum.

– Eg har aldri sett noko liknande på ein fotballbane og eg håper aldri eg får sjå det igjen, seier trenar Bjørn Mjelva.

Tråkka på hand

Førsteomgang gjekk greit føre seg og gjestane frå Bergen leia 2-0 til pause. Men tidleg i 2. omgang blei ein Søfteland-spelar felt som sistemann. Medan han låg nede kom ein motstandar bort og tråkka på neven hans. Ein Søfteland-spelar skubba han vekk og då utarta situasjonen seg.

– Søfteland-spelaren trekte seg unna og snudde ryggen til, men blei slått i bakhovudet. Då han prøvde trekka seg lengre vekk kom ein annan spelar og heldt fram med å slå, fortel eit vitne til Midtsiden.

Brått var fleirtalet av spelarane i basketak. Situasjonen var ute av kontroll og det skal ha gått 7-8 minutt før kampen kom igang igjen og straffen kunne bli tatt. Den blei redda.

Stoppa ikkje der

Sjølv om minst to av Bergenstjerne-spelarane skal ha langa ut knyttneveslag blei berre éin utvist. Mjelva reknar med at dommaren ikkje turte å visa ut to og dei forstår han godt.

– Dei krangla på kvar avgjerd, skaut ballen vekk, nekta å spela med reserveball og hamna i bråk med publikum.

– Etter kampen inviterte dei både spelarar og publikum til slåsskamp. Sånn skal det ikkje vera på ein fotballkamp!

Bergenstjerne, som består av spelarar med Kampen enda 1-2. Mjelva har sendt rapport til Hordaland fotballkrins.

– Vi klager verken på resultatet eller på dommaren. Vi vil berre gjera kretsen merksame på korleis dette laget framstår og så håper vi at dei vil senda ut observatørar til komande kampar der Bergenstjerne speler.

Søfteland starta sesongen med tre tap, men hadde tre sigrar på rad før 7. runde og 1-2-tapet for Bergenstjerne.

SJÅ TABELL


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.