Tett på ny divisjon
Spennande innspurt i 6. divisjon: Søre Neset tapte viktig kamp, Søfteland speler avgjerande toppkamp fredag og Nore Neset kjempar for å halda seg i 6. divisjon.
Alle dei tre 6. divisjonslaga i Os kan hamna i ny divisisjon neste år.
Både Søfteland og Søre Neset kan rykka opp til 5. divisjon, Nore Neset kjempar med å unngå nedrykk.
Opprykk: Lag nr. 1 i kvar avdeling rykker opp til 5. divisjon. Laga på 2. plass kjempar heime og borte om retten til yttarlegare to plassar i 5. divisjon. (4 avdelinger)
Nedrykk: Laga på sisteplass i kvar avdeling rykker ned til 7. divisjon. Det dårlegste av laga på nest-sisteplass i avdelingene rykker også ned.
Trur opprykket rauk laurdag
Søre Neset låg på 3. plass då dei laurdag spelte borte mot Viggo på 2. plass.
Men i staden for å vinna og klatra opp til 2. plass, 2 poeng bak serieleiar Mathopen, blei det 3-2-tap på Søre Neset.
– Eg synest vi hadde spelemessig overtak, men vi gjorde for mange feil i avgjerande situasjonar, seier trenar Bjarte Arentzen.
Viggo leia 1-0 til pause og gjekk opp i 2-0 tidleg i 2. omgang. Emilis reduserte på eit flott brassespark og etter at vertane gjekk opp i 3-1 reduserte Thomas Lindborg på eit godt skot frå hjørnet på 16-meteren.
– Det er framleis teoretiske sjansar for opprykk, men eg trur nok vi får sikta oss inn på opprykk neste år. Vi har fått ein stor og sterk stall å bygga vidare på, seier Arentzen.
Nore Neset treng poeng
Nore Neset speler i same avdeling som Søre Neset og ligg nest sist med 15 av 18 rundar spelt.
Nore Neset ligg 6 poeng framfor Hasund på siste og 6 poeng bak Vestkysten før dei siste tre kampane.
Dei har NHH og to kampar mot Vestkysten igjen før serien er over og har med det fleire sjansar til å klatra på tabellen.
Avgjerande toppkamp mot Kalandseid
Fredag vann Søfteland 4-3 (2-2) over Mann på heimebane.
Simon Aasen sette inn 1-0, Remy Søfteland skåra to, William Lindborg gav heimelaget 4-2-leiing før gjestane reduserte.
Søfteland har leia serien nesten heile sesongen, men etter uavgjort borte mot Samnanger og tap for Sædalen i to av dei tre siste kampane, har dei gjort innspurten ekstra spennande.
– Kanskje er det like greit, vi trivst som underdog og vinn vi over Kalandseid så er mykje gjort, seier trenar Kenneth Svenningsen.
Søfteland ligg på 2. plass 2 poeng bak Kalandseid når to kampar står igjen.
Fredag (kl 19) er det toppkamp mellom dei to, på Kalandseid.
I siste runde speler Søfteland heime mot Hausvik på 7. plass, Kalandseid borte mot Sleipner på 4. plass.