Sport | 31. mars 2015

Tett med osingar i norsk topphandball

Christensen sentral på Noregs nest beste lag, Lyssand leia Fana til tidenes beste plassering og Bjørke Kallestad og TIF Viking berga plassen i siste runde.

Tett med osingar i norsk topphandball
F.v.: Hege Bakken Wahlquist feirar sølvet saman med Emilie Christensen, Erlend Lyssand har leia Fana til 5. plass i 1. divisjon og Anna Bjørke Kallestad berga plassen i same divisjon med Viking. (Foto: Privat/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 31. mars 2015 14:52

Handballsesongen er runda av og Os landa på 8. plass med damelaget i 2. divisjon og 6. plass med herrelaget i 3. divisjon.

Utanfor Os har fleire osingar hatt endå meir å jubla over, ikkje minst Emilie Christensen.

Sentral på Noregs nest beste lag

Emilie og søstera Elisa har vakse opp i Os og i Oshallen, men gjekk til Fana som ungdomsspelarar. Sidan 2013 har Emilie vore på utlån til Glassverket som tok sølv i GRUNDIGligaen.

– Vi er kjempenøgd med Emilie! Ho har så stort potensiale at ho kan bli landslagsspelar, seier trenar Kenneth Gabrielsen i eit intervju med BA.no.

Glassverket tok sølv med 15 sigrar, 1 uavgjort og 6 tapt, 13 poeng bak suverene Larvik med siger i 22 av 22 kampar, og 3 poeng framfor Tertnes.

Rekordsesong for Fana

Fana sitt damelag fekk tidlegare Os-trenar Erlend Lyssand inn som trenar før sesongen.

– Saman med tidlegare spaniaproff Sissel Nygård Pedersen og tidlegare eliteseriekeeper for Bjørnar, Aina Eide, har Erlend utgjort eit glimrande trenarteam. Dei er spesielt gode på å leia damene i kamp, rolege og konstruktive, ikkje mykje skrik og skrål, seier Lars Christensen, leiar i sportsleg utval i Fana Håndball.

– Erlend er både dyktig, engasjert og hyggeleg å ha med seg. Han er ein trenar på veg opp og fram i regionen.

Fana landa på 5. plass i 1. divisjon, deira beste plassering nokosinne. I tillegg rykte dei opp frå 3. til 2. divisjon med andrelaget.

Medverkande på Fana er fleire spelarar frå Os, som Emilie si søster Elisa Christensen, Kaia Randa Berthelsen, Line Hjelle Berentsen og keeper Eva Kristiansen.

– Eva går på skule i Trondheim og har pendla til kamp. Kristine Henriksen Håland har nyleg blitt mamma, så ho har stått over denne sesongen. Samtidig har Marie H. Håland og Jannicke Stigen Råen vore viktige bidragsytarar til opprykket med andrelaget, fortel Lars.

Tidlegare Os-spelar redda Viking og Anna

Anna Bjørke Kallestad frå Os speler i 1. divisjon med TIF Viking.

Viking var nær nedrykk og tapte siste serierunde. Men tidlegare toppskårar på Os, Janne K Olsen og Randesund, redda Viking.

Randesund var allereie garantert nedrykk, men runda av sesongen med å slå Levanger slik at Levanger følgte med ned og Viking landa på 9. plass og redda kontrakten i 1. divisjon for 2015-2016.

Anna har dessutan meir å sjå fram til, helga 17. - 19. april speler ho EM-kvalik med juniorlandslaget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.