Testa bilar og sklei av vegen
Oppdatert: Politiet stoppa "øvingsaktivitet" i Hegglandsdalen og kontrollerte bil som sklei av vegen i Åsen.
I 22-tida tysdag kveld fekk politiet melding om at omkring 10 bilførarar dreiv å testa bilane sine på industriområdet i Hegglandsdalen.
– Vi registrerte 6 bilar som køyrde rundt og rundt og testa bilane sine på området.
– Eigarane av området ønska ikkje denne aktiviteten og vi viste dei vekk frå området i eitt døgn.
– Førarane hevda dei dreiv å testa bilane før vinteren, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Fekk lov
Etter at saken sto på trykk her i Midtsiden kontaktet eieren av tomten redaksjonen.
– Det er ikkje rett at dei ikkje fekk lov. Eg viste dei tomten og sa at der fekk dei lov til å ta seg ut.
– Dei kom først på eigedommen min på andre sida av vegen, og der fekk dei ikkje lov, mellomanna grunna det som står der og ein mur som er 4-5 meter høg dei kunne køyre utanfor.
– Eg viste dei difor kor dei kunne få lov å halde på. Det er mykje betre at dei held på der, enn ute på vegane, fortel grunneigaren til Midtsiden.
Sklei av vegen
I 1630-tida sklei ein bil av vegen ved Fjellanger Hundeskule i Åsen.
– Vi rykte ut på meldinga berre for å kontrollera.
– Føraren var edru og hadde sklidd av vegen på glatten.
– Bilen var skodd med piggfrie vinterdekk, seier Hadler-Olsen.