Terje som Terje
VIDEO: I 14 år har ordførar Terje Søviknes (Frp) blitt parodiert på revyscenar i Os. Fredag sto han på scenen som seg sjølv i revyen i ungdomshuset på Haugland.
Revyen til Søre Neset Ungdomslag "Sa du Liv på Øyro?" hadde premiere fredag for ei veke sidan. Då dei hadde andre framsyning fredag var det med ei overrasking til dei vel 80 tilskodarane som var benka rundt langborda i ungdomshuset.
Til å spela seg sjølv hadde dei fått med seg ordførar Terje Søviknes (Frp).
– Eg predikar jo at vi skal vera ei ja-kommune og at vi skal ha gode grunner til å seia nei.
– Då Nina (Halhjem, journ.mrk) spurte om eg kunne tenkje meg å spele meg sjølv i sketsjen "Hotellsjefen Terje", så måtte jeg jo berre seie ja, ler Søviknes etter teppefall fredag kveld.
Utanfor komfortsona
Sketsjen Søviknes medvirkar i er ei hasjelering over hotellplanane i Mobergsvikjo, kor ordførarne fungerar som hotellsjef.
– Eg må innrømma at det er litt utanfor komfortsona min, men det er jo utruleg gøy då.
– Det er faktisk ikkje første gongen eg deltek. Også i 2001 var eg med her ute på Haugland, men då hadde eg ikkje så mange replikkar, fortel ordføraren.
Har vore synleg
Søviknes tykkjer det er ei ære å bli parodiert og at det berre skulle mangla.
– Hadde eg ikkje blitt parodiert kvart år i 14 år, så ville det vore eit teikn på at eg ikkje har vore synleg nok som ordførar.
– Den mest morosamme parodien er nok den som var på Søfteland for nokre år sidan, kor dei spelte mykje på turane med VitalTour til Kypros.
Om du har lyst til å få med deg ordføraren på scene, så står han på den i ungdomshuset på Haugland også laurdag kveld. Det er framleis nokre plassar ledig.
Video 4:50: Sjå ordførar Terje Søviknes parodiera seg sjølv som hotellsjef på Mobergsneset (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)