Terje skal utgreia søndagshandel
Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) har satt ned eit utval som skal utgreia spørmål om søndagsopne butikkar. Blant medlemmane finn vi ordførar Terje Søviknes (Frp).
I ei pressemelding frå kulturdepartementet kjem det fram at det ikkje blir endringar i lovverket som regulerar søndagshandel, men at regjeringa i staden oppnevner eit utval som skal utgreia spørsmål om søndagsopne butikkar breidt.
Til å leia utvalet har Helleland fått fylkemann i Vestfold, Erling Lae.
– Regelverket er ikkje godt nok i dag, det må oppdaterast, gjerast enklare og meir rettferdig både for forbrukarane og næringslivet.
– Fleire og fleire bestiller varer på nett og får levert daglegvarene på døra heime. Det betyr at bransjen møter tøffare konkurranse som etterkvart kan få betydning for arbeidsplassar i daglegvarebransjen.
–Vi må tilpasse lovverket om søndagsopne butikker til tida vi lever i, skriv kulturministeren i pressemeldinga.
Breitt mandat
Utvalet har fått ei brei samansetning og eit breitt mandat før dei skal levera utgreiinga si hausten 2017.
– Det er stort behov for ein gjennomgang av lovverket som regulerer søndagshandelen. Faste utsalsstader skal haldast stengd på søndager og andre hellig- og høgtidsdager. Det er samstundes ei rekkje unntaksregler for bestemte typer butikker, slik som mindre daglegvarebutikker, hagesentra og utsalssteder på typiske turiststeder. Dette skaper konkurransevridning mellom ulike typer butikker.
– Over tid endrast forbruksmønsteret og folk sine handlevaner. Netthandel har som eit døme blitt meir og meir vanleg, og slike endringar er med på å utfordra reguleringa slik den er i dag. Dette skal utvalet sjå nærare på, skriv Helleland.
14 medlemmar
I statsråd fredag blei 14 medlemmar utnevn i utvalet. Desse er:
Erling Lae, fylkesmann, Tønsberg
Harald Jachwitz Andersen, direktør Virke, Oslo
Gunhild Sun Bellsli, markedssjef, Røros
Beate Milford Berrefjord, nestleder, Bergen
Carin Blom, detaljhandelsanalytiker, Stockholm, Sverige
Nils-Henrik M. von der Fehr, professor, Hurdal
Gyrid Berge Giæver, seniorrådgiver, Tromsø
Kristina Hansen, ordfører, Nordkapp
Bjørn Næss, administrerende direktør NHO Handel, Oslo
Filip Rygg, leder og konsulent, Frogner
Trine Lise Sundnes, LO, forbundsleder Handel og Kontor, Oslo
Terje Søviknes, ordfører, Os
Ragnar Wiik, leder, Lillestrøm
Ståle Økland, forsker og forfatter, Oslo