Terje på 2. plass
Terje Søviknes får tøff konkurranse om nestleiarvervet i Frp. Anders Anundsen er favoritt ifølgje ny undersøking.
Dagbladet har gjennom ei e-postundersøking blant Fremskrittpartiet sine medlemmar og tillitsvalgte spurt kven som er deira favoritt til å overta som nestleiar etter Per Sandberg på landsmøtet i mai.
736 svar gjev Anders Anundsen som soleklar favoritt framfor ein like soleklar Terje Søviknes på andreplass.
Spørsmålet var: «Fremskrittspartiet skal velge ny nestleder på neste landsmøte. Hvem er den beste kandidaten?»
33,3 % svarer Anders Anundsen, 21,2 % går for Terje Søviknes medan Per-Willy Amundsen kjem på tredjeplass med 9,3%.
Bård Hoksrud, som slo Terje Søviknes i nominasjonskamp om plass i sentralstyret, får berre 7,9 % oppslutning.
– Eg kommenterer ikkje slike spørjeundersøkingar, men held meg til Frp sin valkomite, seier Terje Søviknes til Dagbladet.