Tenorane tilbake
Sundag kjem Nordic Tenors tilbake til Os. Først med konsert for bebuerane på Luranetunet, så for ein fullsatt Oseanasal.
Nordic Tenors vitja Os for første gong i fjor. Gjennom den kulturelle spaserstokken fann ein rom til å få til ein minikonsert for bebuerane på Luranetunet.
- Advent startar med finfint besøk på Lurane når Nordic Tenors kjem tilbake på sundag.
- Konserten er open for bebuarar, pårørande og tilsette på Luranetunet, fortel aktivitetskoordinator i Os kommune Grete Byrkjeland.
Nesten utseld
Seinare på sundag held tenorane saman med The Neumann Strings konsert i Oseana.
Framleis er det mogleg å få seg billett, men det er berre eit fåtals igjen.
Dette er sjuande året på rad Nordic Tenors reiser på juleturné og sprer musikalsk stjernestøv over frosne vinterhjarter. Med seg har dei det svenske strykeensemblet "The Neumann Strings" med gitaristen Tobias Neumann i spissen.
- Strykarane i The Neumann Strings både spelar, syng og dansar og skapar saman med Nordic Tenors ein svært spennande julekonsert, seier produsent Ingunn Ek.
Dei tre nordiske tenorane er Jan-Tore Saltnes, Sveinung Hølmebakk og Roald Harr.