Trippeltrøbbel for Telenor
Oppdatert: No har to andre feil oppstått.
Telenor har for tida problem med mobilnettet sitt.
Problemet rammar 4G tale, og gjeld heile landet.
– Vi har sett store ressursar på for å sørgja for å få retta opp i dette så fort som mogleg, seier informasjonssjef Henriette Holte til Midtsiden.
– Vi beklager ulempene feilsituasjonen medfører.
Anrop via 2G fungerer som normalt. For kunder som må bruka nødnummer 112 (politi), kan du slå av 4G tale eller ta ut SIM-kort.
– Dette gjeld 112, ikkje dei andre nødnummera, presiserer Holte.
OPPDATERT (kl 15.23):
– Vi iverksette tiltak umiddelbart og taletrafikken fungerer no som normalt. Telenor held fram med å overvaka trafikken for å sikra stabilitet.
– Parallelt med at denne feilen oppstod, har vi to andre situasjonar i Vestland. Det er ingen samanheng mellom dei tre.
Telenor har eit sjøkabelbrot utanfor Måløy. Dei er i ferd med å skøyta kabelen. Konsekvensen av feilen er relativt begrensa.
Den tredje feilen gjeld kabelbrot i eit vatn ved Voss.
Mobil- og breibandskundar i følgjande kommunar er berørte av feilen: Stranda, Kinn, Voss, Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen.