Teaser: Podkasten Sleivkast
– Dette kjem til å bli heilt ellevilt!
I slutten av januar kunne vi fortelja om ny, komande podkast om lokalfotballen i Os og resten av bergensområdet.
Søndag 17. mars hadde vi prøveinnspeling av podkasten, som har fått namnet «Sleivkast».
Prøveinnspelinga var utan bruk av nyinnkjøpt lydsystem - lyden blir betre enn dette!
Gjestar i prøveinnspelinga i prøveinnspelinga er, som i første ordinære episode (som kjem tysdag 2. april) Os-trenar Endre Brenne og Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy.
Programleiar Davy Wathne og fotballekspert Lars Bakkerud skal denne sesongen snakka seg gjennom runde for runde, lag for lag - innom enkeltspelarar, enkeltprestasjonar, resultat og ambisjonar.
Podkasten blir tilgjengeleg der du høyrer podkast. Videokasten blir eksklusivt på Midtsiden ein dag eller to før den kjem som lydspor for alle.
«Sleivkast» handlar om årets unike avdeling i Norsk Tipping-ligaen, dei lokale laga i PostNord og OBOS, nokre blikk på damefotball, herrane nedover i divisjonane og enkeltspelarar frå Os sine bragder høgare i divisjonssystemet. Intet mindre.
Prøveinnspelinga landa på 36 minutt. I vidoeruta over får du ein smaksprøve på 02:22.
Podkast og varsel
Sleivkast er òg tilgjengeleg som podkast, som oftast publisert cirka eit døgn etter videokasten.
- Lytt til episodane våre på Spotify eller Apple Podcasts
Trykk gjerne på abonnér, så får du varsel når vi er ute med ny episode.
Hugs å tipsa andre som kan ha glede av Sleivkast!
Har du kommentar til episodane eller tips om tema eller gjestar? Send til oss på tips@midtsiden.no.