Sport | 02. apr. 2012

Tatt ut til landslagssamling

Anna Bjørke Kallestad frå Os blei måndag tatt ut til jentelandslaget si samling i Skien.

Tatt ut til landslagssamling
Anna Bjørke Kallestad er teke ut på landslagssamling (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 02. apr. 2012 13:41

Handballforbundet tok måndag ut troppen til landslagssamlinga for jentelandslaget (jenter fødd 1996) i Skien 18.-22. april.

Blant dei 24 jentene som er kalt inn til samling med landslagtrenerane Bendik Berg og Jeanette Nilsen finn vi høgreback Anna Bjørke Kallestad frå Os.

- Gratulerer med uttaket. Var det kjekt?

- Ja, dette var kjempegøy.

- Eg hadde ikkje fått noko signal på førehand om at eg var aktuell og blei litt overraska då eg fekk meldinga, stråler osspelaren i kapp med sola frå påskefjellet.

Spelt på Bylaget

Bjørke Kallestad har spelt på det regionale bylaget dei to siste sesongane og vore ein viktig spelar for Os sitt lag i den nasjonale Bringserien denne sesongen.

- Eg gler meg veldig til å reise på samlinga. No har eg blitt kjend med fleire av dei andre jentene som er tatt ut, så det skal bli gøy å møta dei igjen.

Den hardskytande høgrebacken var også i januar på landslagssamling. Då saman med lagvenninne Vilde Brattabø i det som var den første storsamlinga for spelarar fødd i 1996.

Saman med Brattabø og Marte Haugsdal var Bjørke Kallestad også på ei regional landslagssamling rett før påske i Haukelandshallen.

Eitt år eldre Eva Kristiansen er òg aktuell for landslagssamling i same periode då ho er tatt ut som reserve for ungdomslandslaget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.