Tatt ut til EM-kvalik
Både Sælen og Nøss er del av ferskt uttak.
Dei to Arna-Bjørnar-spelarane frå Os, Linnea Sælen (fødd i 2006) og Nora Blindheim Nøss, er begge del av ferskt landslagsuttak.
I september fekk dei speletid i to kampar med Norge J19, no er dei del av J19-landslagstrenar Lena Tyriberget sin tropp til EM-kvalifiseringa.
Kampane går i Finland den siste veka i oktober.
Kampprogram
25.10. Finland - Norge kl 13:30, Mustapekka Areena, Helsinki
28.10. Tyskland - Norge kl 18:30, Mustapekka Areena, Helsinki
31.10. Israel - Norge kl 16:30, Myyrmäki Stadium, Helsinki
TROPPEN
Vendela Bakke - Øvrevoll Hosle
Maria Sandvik - Klepp
Solveig Tomren Slemmen - Molde
Mia Hambro Svendsen - Røa
Libe Haftorsen Brakstad - Avaldsnes
Tomine Svendheim - Brann
Jenny Davik Fredhall - Øvrevoll Hosle
Ingrid Rame - Klepp
Ane Nordby Jørgensen - Vålerenga
Nora Blindheim Nøss - Arna-Bjørnar
Cille Nilsen - Rosenborg
Cassandra Bogere - Røa
Vilde Hulaas Grøseth - Rosenborg
Kamilla Melgård - Lyn
Ida Mortensen Natvik - Avaldsnes
Linnea Sælen - Arna-Bjørnar
Ragnhild Skage - Fyllingsdalen
Martine Trollsås Fenger - Barcelona
Vilde Vedeler - Arna-Bjørnar
– Yttarlegare éin spelar blir tatt ut seinare, skriv NFF.
Dette er første runde i EM-kvalifiseringa. Den andre og avgjerande runden blir spelt til våren.
J19-EM 2024 blir arrangert i Litauen.