Tatt ut på landslaget
Os Turn held fram med å produsere spelarar for dei yngre landslaga i handball. No også på gutesida.
Landslagtrenarane Geir Erlandsen og Anstein Enggravslia har teke ut sine første troppar til det yngste landslaget for gutar fødd i 1998. Blant dei uttekne er dei to osingane Tobias Gade Utne og Samson Bjørke Kallestad.
– Tobias er på ferie i Thailand om dagen.
– Det kom nokre høge jublebrøl frå gjengen her nede då han fekk uttaket, fortel trenar Hans Brunvatne, som er saman med det unge talentet i varmare strøk.
Gutene følgjer jentene
Os Turn har dei siste åra levert spelarar til fleire dei yngre jentelandslaga.
– Det at Tobias og Samson, som nyleg gjekk til Gneist, no blir teken ut til samling er vannvittig gøy.
– Eg gler meg til å følgje dei, og ikkje minst å sjå Tobias under Jesper Svensson sine vengjer på herrelaget når han no snart blir gamal nok.
– Det at vi på Os har klart å produsera seks landslagsspelarar frå 93-årgangen og fram til i dag må jo vise at vi gjer noko rett i klubben, seier Brunvatne som gler seg til den doble fleirbrukshallen kjem.
– Då skal det blir enda betre.
Samlinga går føre seg i Skien 3. til 5. januar saman med G-96-landslaget.
Aktuelle for bylaget
Dei to osingane, saman med keeper Benjamin Johnsen er òg aktuelle for regionen sitt representasjonslag til den såkalla bylags-turneringa for 15-åringar.
– Som gamal keeper tykkjer jo eg det er ekstra kjekt å sjå at Benjamin er med i diskusjonen, avsluttar Hans Brunvatne.