Lokal | 29. jan. 2013
Tatt på fersken
Braut seg inn i bil, men då tok vitner affære og greip mannen til politiet kom.
Andris Hamretysdag 29. jan. 2013 09:15
Klokka 13.18 måndag blei ein mann i midten av 40-åra tatt på fersken då han braut seg inn i ein bil i Kolskogheia.
- Vitner såg at mannen braut seg inn i ein bil og greip fatt i han.
- Dei holdt på han til patrulja frå lensmannskontoret kom og tok seg av han, fortel politibetjent Tom Johannessen.
Det viste seg at mannen også hadde brote seg inn i inn anna bil like i nærleiken.
- Patrulja fann tjuvegods og narkotika på mannen.
- Tjuvegodset var frå dei to bilane han hadde vore inne i, men det er også nokre ting vi ikkje har funnet eigaren av.
Mannen blei satt i fengsel og vil bli avhøyrd i løpet av tysdagen.