Lokal | 04. okt. 2013

Tatt med narkotika

Politiet: Ransaking gav funn av narkotika. Båthenger stole på Hatvik. Mørklagt firehjuling på Strønevegen. Mangla skilt, fekk forenkla forelegg.

Tatt med narkotika
Andris Hamrefredag 04. okt. 2013 09:25

Torsdag traff politiet ein mann i Industrivegen som dei mistenkte kunne ha narkotika på seg.

– Dette førte til ransaking heime hjå mannen, kor det blei beslaglagt narkotika.

Mannen i slutten av 20-åra slapp å bli fengsla, men det blir oppretta sak og gjort ytterlegare etterforskning.

Stal båthenger

Politiet har fått melding om at ein båthenger skal ha blitt stolen frå Hatvik.

– Det er litt uvisst om når hengeren forsvann, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Trafikkfarleg 4-hjuling

I 20-tida torsdag kveld skal ein 4-hjuling uten lys ha køyrd over Ulvensletta og vidare på Strønevegen.

– Meldar fortel at 4-hjulingen ikkje hadde lys, men at det var ein moped med lys som køyrde både foran og bak denne.

– Det kan virke som om mopeden har freista å vera lyskilde for 4-hjulingen, men det held ikkje.

– Slik køyring er trafikkfarleg, slår politioverbetjenten fast.

Meldar skal ha truffe doningane både frå og mot Os.

Tatt uten skilt

I Lepsøy-området torsdag kveld traff politiet ein bil uten registreringsskilt foran.

– Bilen blei stoppa og føraren blei ilagt eit forenkla forelegg på 2000 kroner, i tillegg til ordre om å få skiltet på plass, avsluttar Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.