Lokal | 25. des. 2013
Tatt med kniv
Politiet rykka ut til slåstkamp i Os sentrum 1. juledag.
Andris Hamreonsdag 25. des. 2013 19:19
I 16-tida 1. juledag rykka politiet ut med fleire patruljer til ein slåstkamp i Os sentrum i følgje NRK Hordaland.
– Vi fekk meldinga klokka 15.42.
– Det var tre personar involvert. Dei er alle kjenningar av politiet og har kvar sin versjon av kva som skjedde, fortel operasjonsleiar Jan Steimler til NRK.
Då politiet fekk roa situasjonen viste det seg at ein av dei hadde kniv.
– Han vil bli meldt for besittelse av kniv.
Dei tre blei etterkvart einige. Det vil difor ikkje bli ytterlegare oppfølging frå politiet.