Tar 10-åringane med på pinsevandring
Kyrkja samarbeider med speidarane: Søndag om ei god veke kan du møta prest med munkekappe i Lysekloster-ruinane.
Søndag veka etter pinsen inviterer Os kyrkjelyd alle tiåringane i Os med på ein lærerik aktivitetsdag i Lysekloster-ruinane.
– Kva skjuler seg i ruinane, kva er Munkestien og kva skjedde med venane til Jesus i pinsen?
– Deltakarane får vera med på ei pinsevandring på pilegrimsvis, der dei får løysa spennande oppgåver på ulike postar. Kanskje møter vi også nokre munkar, seier Gro Helen B. Skjælaaen, trusopplærar ved Os kyrkjelyd.
Arrangementet blir gjennomført i samarbeid med speidarane og er Os kyrkjelyd sitt trusopplæringstiltak for 10-åringar.
– Alle som er 10 år, eller som fyller 10 år i år, er velkomne, seier Gro Helen.