Tapte for Tertnes
Lysekloster vann første treningskamp, men søndag blei det tap i Vestlandshallen.
Lysekloster fekk ein fin forsmak på 3. divisjon då dei slo Bjarg 3-0 i sin første treningskamp i vinter.
Men som Os tapte dei treningskamp nummer to.
Søndag spelte Lysekloster i Vestlandshallen og gjekk på eit nederlag.
Tertnes - Lysekloster 5-2 (2-1)
Målskårarar, Lysekloster: Lars Henrik Skage og Christoffer Robin Larsen
Tertnes kom på 10. plass i si 3. divisjonsavdling i fjor. Kampane mot Os enda med 2-0-siger til Os på Kuventræ og 1-1 på Tertnes sin bane.
– I går prøvde vi på noko nytt, å ligga med lågt press. Det kan vera nyttig å ha drilla inn når vi no skal spela i 3. divisjon, seier Ørjan Sandal.
– Men vi klarte verken å kommunisera godt nok eller å flytta beina fort nok. Vi trener mykje og hardt for tida og tunge bein sette nok sitt preg på prestasjonen vår.
Les meir om kampen på lysekloster.no.