Sport | 23. apr. 2016

Tapte for nyopprykka Vestsiden

Etter to suverene sigrar gjekk Os i dag på sesongens første tap.

Tapte for nyopprykka Vestsiden
Stian Lunde, her mot Arna-Bjørnar, skåra kampens einaste Os-mål i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. apr. 2016 20:59

Os låg under 3-0 før Stian Lunde reduserte på overtid i dagens bortekamp på Askøy.

Vestsiden-Askøy, som rykte opp som nest beste i si 4. divisjonsavdeling i fjor (1 poeng bak Åsane 2), tapte 1-4 for Austevoll borte og 1-2 for Nest-Sotra 2 heime i årets første rundar i 3. divisjon.

Vestsiden-Askøy - Os 3-1 (1-0)
Målskårar, Os: Stian Lunde (90.)
Os: Andrew Todd - Endre Brenne, Håkon Fagerbakke Kvittingen, Adrian Valle, Knut Spangelo Haga - Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Øystein Takle Eide, Torgeir Lunde, Emil Halver - Stian Lunde.

– Vi fann aldri rytmen på den ujamne grasmatta, det blei ein krigekamp der vertane vann både duellane og andreballane, seier trenar Hassan El Fakiri.

Os klarte å stå høgt og både Øystein Takle Eide og Stian Lunde var gjennom åleine med keeper. 1-0 kom på eit uhell av Todd.

– Vi jobba og sto på, og klarte å kontrollera førsteomgang, men vi fekk det ikkje heilt til i dag. Men dette er eit lag vi skal slå greit på heimebane, meiner El Fakiri.

Os speler borte også neste laurdag, då mot Tertnes, som i dag tapte 3-2 borte for Austevoll. Helga etter er det Gneist på heimebane.

TERMINLISTE OG TABELL



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.