Tapte i siste minutt
... men Tore Nielsen fryktar ikkje nedrykk for Os 2.
Onsdag spelte Os 2 bortekamp mot Nordre Fjell.
Nordre Fjell - Os 2 3-1 (1-0)
Målskårar, Os 2: Christer Olsen
– Christer utlikna med ein fin lobb frå 20-30 meter og det sto 1-1 fra til Nordre Fjell fekk straffe i 89. minutt, fortel Tore Nielsen.
Os 2 jagde ny utlikning, men fekk i staden 3-1 imot på overtid.
Seks kampar igjen
Os 2, som slo tabelltoar NHH i førre kamp, ligg på 10. plass av 12 lag på tabellen i 4. divisjonsavdelinga, Nordre Fjell på 6. plass.
– Det er så stor nivåforskjell på 4. og 5. divisjon at vi ønskjer å unngå nedrykk. Og det trur eg vi skal klara, seier Nielsen.
Os 2 har seks kampar igjen. Der møter dei blant anna botnlaga Dale og Loddefjord, men også serieleiar Frøya og laget som no ligg på 2. plass; Odda.
– Det er usikkert kor mange lag som rykker ned, om det er to eller tre, så vi bør nok ha eitt lag til bak oss på tabellen for å vera sikre.
A-laget betre enn i 2012?
Samtidig har Os mål om å, med A-laget, ta fleire poeng i 3. divisjon enn i fjor, då dei tok 42 poeng.
Det er seks kampar igjen, den neste går borte mot Austevoll i morgon, laurdag.