Tang og tare som mat?
Over 60 deltakarar stilte på kurs i Ervikane.
Responsen var strålande då Tina Bøe Buer frå organisasjonen «Berekraftige liv på Os» inviterte til tang- og taretur i Ervikane.
40 var påmeldt nokre dagar på førehand, over 60 møtte fram for å høyra meir om korleis laga mat av det som gror i sjøen.
– Det blei ein lærerik dag med nye smaksopplevingar, og noko vi vil gjenta til våren, seier Tina.
Ho var på sin første tang- og taretur i fjor, og ville by på smaksprøvar og kunnskap til andre.
Turen blei guida av den erfarne tangbrukaren og bildekunstnaren Astrid Drageset saman med biolog og havforskar Gjertrud Jensen. Marius Hjelle var hyra inn som bål-ansvarleg.
Best å sanka tidlegare på året
– Vi innleia med å fortelja kva som er dei mest smakfulle vi kunne venta å finna her i Os, og at all tang kan etast. Det er berre eín art som ikkje blir anbefalt å ha i panna, og det er «Japansk drivtang», ein invasiv art langs kysten vår.
Så blei folk sendt ned i fjøresteinane for å sanka. Éin av deltakarane er fridykkar og stilte i fullt utstyr for å henta opp tang som var utanfor rekkevidde for andre.
Dato for kurset var tysdag 27. juni, den første dagen med opphaldsvêr etter nedbørsrekorden med 26 junidagar på rad med nedbør.
– Den beste tida å sanka på er frå seint vinter til forsommar, og gjerne lengst ute mot havgapet. Det var ein del av det vi fann i Ervikane som var kome ein del groe på, og ikkje var godt eigna, men vi hadde «juksa litt» og hadde med oss ferdige smaksprøvar av ulike variantar.
Rik på næring og smak
Det blei grilla fisk på bål, med tang og tare som tilbehør, samtidig som deltakarane fekk eit foredrag.
Blant dei mest populære smaksprøvane var sukkertare, som Tina skildrar som fyldig og litt søt på smak - og fingertar, som er kraftigare på smakog godt eigna som chips.
– Tang og tare er næringsrik, nokre artar har ti gongar så mykje mineralar som salat frå land, nokre er veldig rike på blant anna B12 og kalsium. Tare kan òg vera ei god kjelde til C-vitamin, noko vi reknar med vikingane hadde nytte av, for å unngå skjørbuk på lange seglas.
– Har du sjølv fått tang og tare inn i kvardagskosten din etter kurset du var på i fjor?
– Ikkje i kvardagen, men eg nyttar det av og til, som no når eg er og besøker mamma på Værlandet. Vi steikte og åt tang i går.
Berekraftig?
«Berekraftige liv» blei starta som ei rørsle «for å skape muligheter for folk til å starte egne initiativer til å gjøre verden bedre og mer bærekraftig». Denne har fått avdeling i Os og var arrangør av kurset i Ervikane.
– Korleis er auka bruk av tang og tare med på å skapa meir berekraftig liv?
– Tang og tare er svært lett å dyrka og ei god næringskjelde for både menneske å dyr. Med auka bruk av tang og tare som dyr- og fiskefôr blir det dessutan mindre import av blant anna soya, seier Bøe Buer.
– I fleire land i Asia har dei vore flinke til å nytta tang og tare i fleire tusen år. I Noreg ligg forholda til rette, men vi kan bli langt flinkare til å nytta denne delikate ressursen.
Berekraftige liv på Os vil ha nytt kurs i tang og tare som mat neste år, truleg tidlegare på våren.
– Neste kurs no blir sopp-tur til hausten, fortel Tina Bøe Buer.
Eksterne lenkjer om tang og tare som mat:
• I fjor kom ei eigen kokebok om tang og tare. Les meir om boka og sjå nokre av oppskriftene på DN.no.
• Snart kan sauetang og sukkertare bli en naturlig ingrediens på middags- og dessertallerkenen din, skriv forskning.no.
• Norge har Europas største bestander av tang og tare. Ca 10.000 kvadratkilometer av norskekysten er bevokst med tang og tare, noe som tilsvarer landets areal av dyrket mark, skriv Havforskningsinstituttet, imr.no.