Sport | 12. mai 2012

Talet er 6

Os vann 6-0, med 6 målskårarar, blant anna spelar nummer 6, kaptein Stian Lunde, som i dag er halvvegs til 60 år.

Talet er 6
Stian Lunde, som fyller 30 år i dag, etter å ha skåra 5-0-målet på heil volley. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 12. mai 2012 18:48

Bildeserie:

1-0 i 2. minutt: Erik Kanestrøm sette retur. (Foto: KVB)
1-0 i 2. minutt: Erik Kanestrøm sette retur. (Foto: KVB)
2-0 ved Anders Kinden i 4. minutt. (Foto: KVB)
2-0 ved Anders Kinden i 4. minutt. (Foto: KVB)
3-0 ved Preben Borgen i 31. minutt. (Foto: KVB)
3-0 ved Preben Borgen i 31. minutt. (Foto: KVB)
Christer Olsen med godt forsøk tidleg i 2. omgang. (Foto: KVB)
Christer Olsen med godt forsøk tidleg i 2. omgang. (Foto: KVB)
Ramo Racic auka til 4-0 i 63. minutt. (Foto: KVB)
Ramo Racic auka til 4-0 i 63. minutt. (Foto: KVB)
Ein av fleire gode redningar av tidlegare Os-spelar Anders Strønen. (Foto: KVB)
Ein av fleire gode redningar av tidlegare Os-spelar Anders Strønen. (Foto: KVB)
Ørjan Glesnes kom inn og gjorde det bra på høgrekant. (Foto: KVB)
Ørjan Glesnes kom inn og gjorde det bra på høgrekant. (Foto: KVB)
Christer prøver seg, Anders gjev retur. (Foto: KVB)
Christer prøver seg, Anders gjev retur. (Foto: KVB)
Lunde set inn 5-0 i 75. minutt. (Foto: KVB)
Lunde set inn 5-0 i 75. minutt. (Foto: KVB)
Christer gjennom og inn til 6-0. (Foto: KVB)
Christer gjennom og inn til 6-0. (Foto: KVB)
1 av 10

Os tok ein suveren siger over Skjold på Kuventræ i dag og har no 13-0 i målforskjell på dei to siste kampane.

Skjold kan takka ein osing for at ikkje resultatet blei verre, tidlegare Os-keeper Anders Solberg Strønen hadde det travelt og presterte godt i Skjold sitt mål i dag.

– Eg vil tru at Skjold held eit høgt 4. divisjonsnivå og at det vi viser i dag er at forskjellen på 3. og 4. divisjon er alvorleg stort, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

Skjold, som har tapt alle kampane så langt i år, kan kanskje også takka fleire osingar for at det ikkje blei skåra meir, for dei var i periodar litt ubesluttsame framfor buret til Strønen.

Os - Skjold 6-0 (3-0)
Målskårarar: Erik Kanestrøm, Anders Kinden, Preben Borgen, Ramo Racic, Stian Lunde og Christer Olsen.

Os pressa hardt frå start mot eit baktungt motstandarlag og fekk rask uttelling, 1-0 etter 2 minutt då Erik Kanestrøm putta retur etter skot av Christer Olsen. 2-0 2 minutt etterpå då Anders Kinden nikka inn sitt første seriemål for Os sitt A-lag.

Gjestane var over midtbanen tre gongar i første omgang og hadde éin corner. Preben Borgen auka til 3-0 i 31. minutt.

Auka presset

Heimelaget pressa også hardt frå start etter pause, men auka ikkje til 4-0 før Ramo i 63. minutt kom seg forbi og fekk ballen forbi Strønen.

– Det var i periodevis gode prestasjonar av oss, men vi slit litt med konsentrasjonen når forskjellen blir for stor, meiner Tim.

Skjold hadde eit gjennomløp åleine med keeper, men Kloven fanga ballen greit. Gjestane skapte ikkje mykje etter kvilen heller, men den tredje av tre cornarar på rad såg for nokre av spelarane ut til å vera over målstreken.

– Vi held nullen i nok ein kamp, det er eg nøgd med.

Men det blei ikkje dømt mål, i staden auka bursdagsbarnet, kaptein Stian Lunde til 5-0 i 75. minutt på heil volley etter retur av nok eit godt skot av Christer Olsen.

Olsen fekk seg eit raid med mål som resultat i 87. minutt. Kampen enda 6-0.

Fleire fekk prøva seg

Os starta med blant andre Anders Kinden og John Ole Johannessen, med ein småskadd Torkel Hjertnes på benken og Tore Valvik med fråvær.

Os: Anders Kloven - John Ole Johannessen, Stian Lunde, Per Søgnen Merai, Tor Erik Kjosås Berge - Anders Kinde, Simen Lassen, Preben Borgen, Erik Kanestrøm - Ramo Racic og Christer Olsen.

Børge Borgen, Håkon Kvittingen og Ørjan Glesnes kom relativt tidleg i 2. omgang inn for Simen Lassen, Preben Borgen og Erik Kanestrøm, og gjorde god figur medan kameratane fekk kvila til neste kamp, som truleg blir litt tøffare.

Laurdag 19. mai møter Os Arna Bjørnar, også det på heimebane.

Arna Bjørnar, som var Os sin erkerival i opprykkssesongen 2006, står med eitt tap og resten sigrar etter dei første 5 rundane. Os er ubeseira, men har éin uavgjort.

Sjå tabell, 3. divisjon avd. 7

Fekk Fair Play-pris

Etter kampen blei kaptein og målskårar Stian Lunde, som fyller 30 år i dag, tildelt pris av Os sitt Fair Play-fond for månadens Fair Play-spelar.

Begrunnelse for utdeling av Fair Play pris for april 2012:

"Stian Lunde er en solid ledertype på a-laget og er alltid den som går foran når det gjelder innsats og positiv innstilling. Stian viser gode holdninger ute på banen og er et klart forbilde. Stian er en god rollemodell for alle i Os Turn Fotball og en flott ambassadør for Fair Play!"

Prisen ble utdelt av Tore Kleppe, kontaktperson for Fair Play i Os TF og medlem av Fair Play-utvalet i klubben.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.