Takkar deltakarane - deler ut to prisar
To av laga som deltok i 17. maitoget får 3000 kroner kvar.
Etter gårsdagens markering vil 17. maikomiteen takka alle som stilte for å få med seg talar og song i Os Minnepark, alle som deltok i toget og alle som kom for å stå langs traseen og skapa stemning.
– Det blei den folkefesten vi hadde håpa på, seier Anders Hjelle på vegner av seg sjølv og resten av arrangørane.
Komiteen besto i år av varaordførar Harald Lekven, Tore Kleppe frå kommunestyret, leiar og kultursjef Erik Vangsnes og frivillig komitémedlem Anders Hjelle.
Ved sidan av rekkefølge og trasé var det nytt i år at utdeling av pris for beste og mest morosame innslag i toget er tilbake med kåring og premiering.
Dei to som får 3000 kroner kvar er: Os Turnforening og Os skulekorps.
– Neste år håper vi endå fleire lag og organisasjonar deltar, seier Hjelle.
Komiteen er nøgd både med solstrålene som kom, og med stemninga.
– Det blei den folkefesten vi håpa på. Ut frå bilde vi har sett i media, ser det ut som om det var nokre tusen som deltok.
Sjå videoar og bildeseriar i sakene under: