Lokal | 20. juni 2013
Takka nei!
Ein huseigar på Søfteland blei onsdag kontakta av utanlandske steinleggjarar, men følgde politiet sine tilrådingar om å takka nei.
Andris Hamretorsdag 20. juni 2013 09:38
I 1930-tida onsdag ettermiddag svingde ein svart Mitsubishi pick-up inn på tunet hos ein huseigar på Søfteland.
– Dei skal ha tilbydd seg å gjera steinarbeid for huseigaren, men han takka nei og dei reiste derifrå.
– Vi var seinare ut og såg etter dei for å ta ein prat, men traff ikkje på dei, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Seinast i mai gjennomførte Skatt Vest, Arbeidstilsynet og politiet ein aksjon mot steinleggarar som var i arbeid på ei privat tomt på Kuventræ.
Les òg: Stoppa steinleggarar