Takk for støtta!
Lesarinnlegg: Gratulerer, Høgre, takk til dei raudgrøne, takk til deg som stemte og lykke til vidare, mine borgarlege kollegaer.
Først og fremst, gratulerer til Høgre med eit brakval! Samtidig ønskjer eg mine borgarlege kollegaer lukka til vidare i regjering.
Det er òg på sin plass å takka den raudgrøne regjeringa som har hatt sete i åtte år. Dei har trass alt bidrege positivt på fleire område, noko som er viktig å få fram.
Men no er det andre løysningar som gjeld, noko som blir spanande å følgja med på.
Eg blei ikkje med vidare som fast Stortingsrepresentant. Det skjer fort endringar i den politiske verda.
Men som vara kan eg ha store mogeligheiter for å møta innimellom. Sjølv om dette ikkje er ein ønskjesituasjon, så får ein gjere det beste ut av det.
Eg vil i alle fall nytta høvet til å takka kvar og ein som stemte på Frp ved årets stortingsval.
Laila Marie Reiertsen
Vararepresentant til Stortinget