Sykkelkollisjon og knuste ruter
To syklister kolliderte, en fraktet til Haukeland. Fikk stein i frontruta frå gangbru på Halhjemsvegen, Promillekøyrde til Nesttun. Knuste rute etter nekta inngang.
Politiet har hatt fleire hendingar å ta seg av dei siste døgna.
– Litt før klokka 16 måndag fekk vi melding om to syklistar som hadde støtt saman i Industrivegen.
– Ambulansen blei tilkalt og køyrde den ein av dei til Haukeland Universitetssykehus for ein sjekk.
– Ho skulle ha nokre kutt i ansiktet som helsepersonellet ville sjå nærare på, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Stein frå gangbru
Måndag formiddag, i 10-tida, fekk politiet melding frå ein bilist på E-39 mot Halhjem om at han hadde fått ein stein i frontruta.
– Han mistenkte at steinen hadde blitt kasta av nokre ungar frå gangbrua som krysser vegen ved Haugland.
– Vi var i kontakt med barnehagen der ute, som stadfesta at dei hadde vore på tur, men dei hadde ikkje registrert noko steinkasting.
– Kva som har skjedd er difor noko uvisst, men bilen blei ikkje meir skadd enn at den kunne køyra vidare, fortel Hadler-Olsen.
Stoppa på Skjoldskiftet
Rett etter midnatt, natt til tysdag, fekk politiet melding om ei mogleg promillekøyring.
– Bilen, og føraren, blei stoppa av patrulja i Fana, nærare bestemt ved Skjoldskiftet.
– Føraren innrømma å køyra i påverka tilstand og utan førararkort.
Slapp ikkje inn, knuste ruta
Ein kar som ville på vitjing til ein bekjent slapp ikkje inn hjå kameraten.
– Han hadde blitt sint og knust ei rute før han gjekk derifrå.
– Vi var ute og så etter vedkommande, men traff han ikkje.
– Fornærma vil be om besøksforbod på karen og anmelder difor saka, forklarar politiførstebetjenten.
Stakk frå rekninga
Rett etter midnatt måndag fekk politiet melding frå ein taxisjåfør som hadde hadde ein passasjer som ikkje gjorde opp for seg.
– Passasjeren hadde sagt han ikkje hadde pengar.
– Sjåføren blei oppmoda om å anmelda forholdet.