Svømte for medaljar
Bildeserie: Det kokte i Osbadet då femte, sjette og sjuande klassane i Os konkurrerte i skulemeisterskapet i svømming.
- Heia heia! Kom igjen!
Konkurranseinnstinktet slo inn hos fleire i Osbadet onsdag, og det hjalp å ha medelevar til å backe opp.
Det var tydeleg at elevane koste seg i det våte element, både i konkurransebanane og i det varme terapibassenget mellom slaga.
- Eg svømmer ikkje så fort, men eg har det veldig kjekt, fortel ein smilande elev.
Populært meisterskap
For sjette året på rad arrangerte Osbadet skulemeisterskap i svømming for 5-7. klassane i Os kommune.
- I starten var det berre nokre skular med, men dei to siste åra har alle skulane i Os delteke, og det synest vi jo er veldig kjekt, fortel Leif Gunnar Borgen, dagleg leiar ved Osbadet KF.
Til saman, utan finalar og stafett var det 217 startar fordelt på greinene 25m bryst, 25m frisymjing og 4x25m stafett. Det var delt inn i alderspuljer og egne jente- og gutteklassar.
3 banerekordar
- Meisterskapet er blitt veldig populært både blant elevar og tilsette på skulane, og det blir litt ekstra rundt det.
- Vi ønsker å sette ein ekstra spiss på skulesymjinga og neste år håper vi også å få med 4. klasse, sidan det er det trinnet som har symjetrening på skulen.
At elevane var gode svømmarar kunne resultata bekrefte. Heile tre nye banerkordar vart satt, ein individuell og to på stafett.
Resultater:
Øvelse 1. 25m bryst, J5B - Finale
1p, Sofie, KSK
2p, Turi, LSK
3p, Josefine, KSK
Øvelse 2. 25m bryst, G5B - Finale
1p, Oscar, OSK
2p, Sondre, OSK
3p, Odin, NNS
Øvelse 3. 25m fri, J5F - Finale
1p, Sofie, KSK
2p, Vilde DV, OSK
3p, Malene, KSK
Øvelse 4. 25m fri, G5F - Finale
1p, Odin, NNS
2p, Thomas, SNS
3p, Oskar, KSK
Øvelse 5. 4*25m lag mixed 5.klasse - Finale
1p, Kuventræ
2p, Os
3p, Lysekloster
Øvelse 6. 25m bryst, J6B - Finale
1p, Anna Martine, OSK
2p, Mira, OSK
3p, Katrine, NØS
Øvelse 7. 25m bryst, G6B - Finale
1p, Even, OSK
2p, Paulis, NNS
2p, Casper, KSK
2p, Jack, LSK
Øvelse 8. 25m fri, J6F - Finale
1p, Mira, OSK
2p, Anna Martine, OSK
3p, Katrine, NØS
Øvelse 9. 25m fri, G6F - Finale
1p, Daniel, LSK
2p, Jack, LSK
3p, Paulis, LSK
Øvelse 10. 4*25m lag mixed 6.klasse - Finale
1p, Os
2p, Lysekloster
3p, Nore Øyane
Øvelse 11. 25m bryst, J7B - Finale
1p, Christianne, KSK
2p, Amalie, KSK
3p, Emma, SNS
Øvelse 12. 25m bryst, G7B - Finale
1p, Eirik, NNS
2p, Lauritz, OSK
3p, Ørjan, KSK
Øvelse 13. 25m fri, J7F - Finale
1p, Amalie, KSK
2p, Malin, KSK
3p, Emma, SNS
Øvelse 14. 25m fri, G7F - Finale
1p, Ludvig, OSK
2p, Harry, LSK
3p, Alexander, NNS
3p, Jørgen, OSK
Øvelse 15. 4*25m lag mixed 7.klasse - Finale
1p, Kuventræ
2p, Lysekloster
3p, Os
Banerekord:
Stafett 12 år 4x25: Kuventræ Skule 1.25,75
Stafett 11 år 4x25: Os Skule 1,27,94
G11 Fri: Paulis Nore Neset 17,44
OSK = Os skule
KSK = Kuventræ skule
NNS = Nore Neset skule
LSK = Lysekloster skule
NØS = Nore Øyane skule
SØS = Søre Øyane skule