Lokal | 20. juli 2013
Svinesti på Steinneset
– Dette er skammeleg, meiner ei mor som skulle i Haugsnesfjero i går.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 20. juli 2013 09:52
Fredag kom finvêret til Os, men ikkje alle fekk ein så strålande dag som først tenkt.
– Eg og dottera mi skulle bort i Haugsnesfjero for å kosa oss litt med god mat.
– Men vi kom fram til ein veldig grisete parkeringsplass, fortel ho.
Boss låg strødd over alt; hermetikkboksar, mjølkekartongar, skyllemiddel, bleier og røykstumpar.
Om det er Bir som har for låg tømmefrekvens ved moloen eller om det har vore misbruk av kontainarane på plassen, veit vi ikkje.
Midtsiden har førebels ikkje vore i kontakt med Bir for kommentar.
Er det problem med henting av boss andre plassar i Os? Tips Midtsiden på kjetil@midtsiden.no.