Svikta i serieavslutninga
Os leia 7-3, men så kom eit kvarter utan skåring og herrelaget måtte sjå opprykksdraumen bli knust av Lyngbø-storskårar Espen Risti.
Os hadde teoretiske sjansar til å rykka opp før siste serierunde, som gjekk i Oshallen søndag.
Os - Lyngbø 15-26 (9-14)
Men heimelaget trengte siger for å halda liv i håpet, som også var avhengig av at ikkje Bjørnar 2 kunne rykka opp, altså at Bjørnar sitt førstelag rykker ned.
Uansett, herrelaget gjekk for siger og ei god avslutting på sesongen, mot eit lag dei tapte for med eitt mål på bortebane i haust, rutinerte Lyngbø med toppskårar i 3. divisjon Espen Risti i spissen.
Og det såg bra ut i starten.
2-2 etter fem minutt blei til 7-3 etter cirka 10 minutt.
Øystein Skarding kom inn frå vingen og sette inn 3-2, Trygve Dahl knalla inn 4-2, Joachim Nøkleby skåra to på rad og Isak Røen skåra sikkert frå 7-metersmerket.
Men så blei det stille frå heimelaget si side.
– Vi svikta kollektivt og let Lyngbø dra ned tempoet. Og då dei fekk bestemma farten på ballen fekk vi mykje å bryna oss på, ikkje minst med storskårar Espen Risti, seier Os-trenar Leif Idar Røen.
Risti skåra 8 av Lyngbø sine 14 mål i første omgang. I andre omgang blei det 6 mål til Os, 12 til Lyngbø, og Os enda med 15 poeng på 5. plass på tabellen, 3 poeng framfor Viking 2, 3 poeng bak Stryn og 5 poeng bak Lyngbø på 3. plass.
På topp ligg Bergen HK og Bjørnar 2 med 28 og 22 poeng.
Os har slo serievinnar Bergen HK i nest siste runde, men har hatt for mykje skadar og vore for ustabile til å kjempa heilt i toppen i år.