Næringsliv | 14. jan. 2016

Svevar i uvissa

Strikkebutikken i Landboden går så det grin, men svevar i det blå om den næraste framtida.

Svevar i uvissa
Dagleg leiar på Strikkebutikken, Ingerid Sværen Samnøy, er ikkje sikker på kor ho skal halde hus når Barongården blir bygd om (foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandtorsdag 14. jan. 2016 10:36

Baronsgården skal byggjast om og renoverast, og frisørsalongen Tojo stengde dørene ved nyttår. Men strikkebutikken held stand, og der er det ein jamn straum av kundar.

Får plass etter ombygginga

Dagleg leiar Ingerid Sværen Samnøy seier at ho ikkje veit enno om ho må flytta ut i byggjeperioden.

– Eg veit ikkje noko enno. Eg høyrde frå ein kunde at det var byggjestart i mai eller juni . Ho hadde lest det på Midtsiden. Eg flytta inn i mai 2007, og sidan har eg i grunn ikkje visst noko. Men eg lit på at Os Bygg og Eiendom gjev meg den hjelpa dei har lovd meg, seier ho.

– Det einaste eg veit er at eg får plass i første etasje her også etter ombygginga, legg ho til.

Stor strikkeglede

– Eg har mellom 60 og 80 betalande kundar kvar dag. Eg kan ikkje stengja eg då. Det er stor strikkeglede ute blant folk, og for meg er dette både jobb og hobby, seier ho.

– Det hadde vore veldig kjekt å sleppa å flytta to gonger, og ikkje har eg noko lokale i bakhand om eg må ut i byggjeperioden heller. Om eg må ut, får vi ta ein stordugnad ei helg, ler ho og fleipar med at kanskje dugnaden kan samankallast gjennom Midtsiden.

Vil vere på Øyro

Sværen Samnøy ser det ikkje som noko alternativ å flytta butikken bort frå Os sentrum.

– Det er liv laga å ha butikk på Øyro, det er eg heilt sikker på. Eg er svært optimistisk, og tykkjer det er kjekt at kommunen og andre aktørar no viser Øyro litt ekstra merksemd. Det skal bli så flott her, seier den positive butikkinnehavaren.

– Veit ho må ut

Ottar Randa i Os Bygg og Eiendom seier at strikkebutikken må flytta ut i byggjeperioden , og at dagleg leiar er klar over dette.

– Ho veit at ho må flytta medan vi held på med totalrenoveringa. Vi vil hjelpa så godt vi kan med å skaffa strikkebutikken alternative lokale, så får vi sjå korleis det går, seier Randa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.