Sport | 24. sep. 2016

Sverre med banerekord

Under dagens testløp på 3000 meter knuste Sverre Lunde Pedersen banerekorden med heile 3,5 sekund.

Sverre med banerekord
Sverre Lunde Pedersen, her under verdscupløpa i Stavanger i vinter, satte i dag ny banerekord i Sørmarka Arena (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 24. sep. 2016 14:58

Sverre Lunde Pedersen og resten av det norske skøytelandslaget er for tida på treningsleir i Sørmarka Arena i Stavanger.

Laurdag har dei gjennomført testløp, kor Sverre Lunde Pedersen viste at formen allereie er inne.

– Sverre gjekk ei knallperle av ein 3000 meter i dag. Han banka inn med ny banerekord på 3.42.30, heile 3,5 sekund raskare enn sin eigen banerekord, fortel Halvor Lauvstad, generalsekretær i skøyteforbundet.

– Det er vert å merka seg at ingen av rundene var over 30,0. Sverre er i rute til VM i Vikingskipet 4. og 5. mars, konstanterer Lauvstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.