Svakt mot Bjarg
Os tapte 4-1 på bortebane etter kampen assistenttrenar Ørjan Håland omtalar som den svakaste Os-kampen han har sett.
Os møtte tabellnabo Bjarg borte laurdag ettemiddag. Den kampen fekk det verst tenkelege starten. Vertane gjekk opp i 1-0 etter berre 3-4 minutt.
–Tidleg mål pregar kampane. Vi blir litt reserverte og freister å løfta oss. Vi fell tilbake på gamle synder og får ein til i trynet, fortel Håland.
Fin skåring
Bjarg går opp i 3-0 før Os reduserar til 3-1 ved Stian Lunde.
–Det er eit fint mål. Øystein Takle Eide kjem på kampen og legg fint inn foran mål. Der er Stian Lunde og headar ballen i mål frå seks meter.
Som redde skilpaddar
Resultatet held seg til pause, men i andre omgangen er det framleis vertane som er sterkast og går opp i 4-1 etter 50 minutt.
– Denne kampen er det dårlegaste eg har sett av eit A-lag på Os. Om dei var skilpadder, så var vi skilpadder med hovudet inne i skallet. Vi er defensive og redde og tør ikkje ta duellane.
– Når det er sagt, så kjem det alltid dårlege prestasjoner i løpet av ein sesong. Eg er ikkje bekymra, vi kjem til å reise oss. Dette må vi ta som ei læring, avsluttar Håland.
Bjarg-Os 4-1 (3-1)
Os sitt lag som starta: Andrew Todd, Knut Spangelo Haga, Adrian Kallekleiv Valle, Christoffer Ø. Hevrøy, Torkel Hjertnes, Marius Haugland Mikkelsen, Rafael Villen Villen, Øystein Takle Eide, Torgeir Lunde, Emil Miridoozini Halver, Stian Lunde