Svake i Stavanger
Lysekloster gjekk frå 8-0 heime til fortent tap på bortebane for Hundvåg.
Lysekloster gjorde som Os i dag, tapte 4-1 på bortebane.
Hundvåg - Lysekloster 4-1 (1-1)
Målskårar, Lysekloster: Baste Jonassen
Lysekloster: Arne Veim Haugland - Baste Jonassen, Ørjan Skilbrei (Thomas Sandal), Preben Skorpen, Mattias Høiland (Vindal) - Frode Buvik, Johannes Jordal (Andreas Fosse), Thomas Lyngbø - Lars Henrik Skage, Joakim Hovden, Kim Krogsethagen.
– Vi hadde éin sjanse i første omgang og den sette Baste Jonassen i nota. Det var fortent at vertane utlikna før pause, meiner Lysekloster-trenar Thomas Sandal.
– I dag var vi ikkje på nett. Når vi verken har konsentrasjon eller rett innstilling så vinn vi ikkje fotballkampar.
Sandal er nøgd med dei første ti minutta av 2. omgang.
– Men så slapp vi oss nedpå og etter 15 minutt ut i omgangen kom 2-1-målet. Og då datt vi endå nokre hakk, synest Thomas.
– Helst skulle vi hatt ein ny kamp i morgon, så vi fekk lagt dette bak oss, men vi får satsa på å klemma skikkeleg til i neste heimekamp.
Om Stord slår Haugesund 2 på bortebane måndag mister Lysekloster førsteplassen på tabellen.
Lysekloster speler neste kamp heime mot Åkra laurdag (kl 15).