Samferdsle | 20. des. 2023

– Svært glatt fleire stadar!

Bilistar fortel om bussar med problem.

– Svært glatt fleire stadar!
Strønevegen under salting 18. desember i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. des. 2023 15:53

Ein buss står i skrivande stund fast på Strønevegen, i bakkane frå avkøyrsle til Askvik retning Os, ifølgje tipsar klokka 16.55.

Bussen er no iferd med å få kjettingar på.

Klokka 16.05 fekk vi melding om glatt veg og buss med lett sladd på Lepsøyvegen retning Øyane.

Etter ein periode med regn er det no vêromslag og overgang til kuldegradar.

– Vi mottar mange meldingar om glatte vegar, spesielt i kystnære strøk vest og nord for Bergen. Nedbør fryser på bakken. Køyr varsamt, saltebilar er ute for å betra forholda, melder Vegtrafikksentralen klokka 16.50.

  • Er det vanskelig føre eller uhell der du er? tips@midtsiden.no

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking, er det saktegåande trafikk fleire stadar i bygda, og stilleståande frå Askvik mot Strøno eit lite stykke, og frå Strønebrua opp på fastlandet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.