SV sitt framlegg til budsjett
Leksefri skule, ein halv million til barn i fattige familiar og innføring av eigedomsskatt.
Fredag var første møte i Bjørnafjorden formannskap, om vi ser vekk frå budsjettkonferansen i starten på november.
På sakskartet sto blant anna KLEM-planen (klima og miljø), beredskap, busetting av flyktningar, politivedtekter - og budsjett.
• Sjå saksdokument og direktesendt video frå møtet på bjornafjordenkommune.no.
Høgre, Frp, samarbeidskoalisjonen (Ap, Sp, MDG og KrF) la fram sine budsjettforslag fredag. SV, som er forplikta til å stemma for koalisjonen sitt forslag om/når deira eige fell, har no kome med sitt framlegg til budsjett og økonomiplan.
Felles for alle er at dei, der det ikkje er nemnt noko anna, støttar rådmannen sitt framleg til budsjett for 2020 og økonomiplan fram til 2023.
SV: Budsjett 2020 og økonomiplan for 2020-2023
Innleiing
Dette budsjettforslaget byggjer på kommunedirektøren sitt budsjett, og alle tall er endringar i forhold til det budsjettet. Kommunen sin viktigaste oppgåve er å sørgje for gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Der meiner SV at Os-delen av kommunen har lege på eit minimumsnivå over lang tid. Nybygg, både nødvendige og unødvendige, har vore prioriterte over kvaliteten på tenestene.
I Fusa-delen er situasjonen litt annleis, der har det stort sett vore brukt meir pengar på tenestene, og dei har halde eit høgare nivå. Budsjettframlegget til kommunedirektøren legg opp til omlag same tenestenivå som i dag.
Det meiner SV er for dårleg, og vårt alternative budsjett vil difor innehalde ein styrking av dei fleste tenesteområdane. I budsjettet har SV prøvd å gjere det slik at familiar med låg inntekt i hovudsak skal komme betre ut økonomisk enn kva dei gjer i dag, medan dei med høg inntekt vil i hovudsak måtte betale litt meir. Dette vil i enkelte tilfelle dessverre ikkje vere mogleg, sidan vi har avgrensa med verkemidlar for å oppnå dette på kommunenivå.
Oppvekst
Oppvekstsektoren er den sektoren som vil få det største løftet i vårt alternative budsjett. På Os-sida av kommunen har det mangla ein del årsverk for å oppfylle lærarnorma, og barnehagenorma vart så vidt oppfylt i 2018. I Fusa-delen av kommunen er lærarnorma oppfylt og bemanninga i barnehagane ligg mellom 5 og 10% over bemanningsnorma. Vårt budsjett legg opp til å oppfylle lærarnorma i heile kommunen og styrke bemanninga i barnehagane. Vi har sett av pengar til ca. 10 lærarårsverk i skulane og 3 i dei kommunale barnehagane. Dei private barnehagane vil få sine ekstra overføringar to år seinare, i samsvar reglane for finansiering av private barnehagar.
For å motverke mobbing og skape eit betre miljø på skulen ønskjer SV også å tilsetje miljøterapeutar i ei fri rolle på skulane. Miljøterapeutane vil jobbe tett saman med meistringsteamet, helsesjukepleiar og innsatsteam mot mobbing og sørgje for at dei elevane som treng støtte, blir sett og rett instans kopla på om nødvendig. I 2020 ønskjer vi å begynne med éin miljøterapeut per 400 elever (mindre skolar får då miljøterapeut eit par dagar i veka) for så å utvida ordninga i 2021. Meistringsteamet vil også styrkjast for å kunne ta på seg oppgåver i heile kommunen og for å kunne ta enda fleire saker.
Klasseturar er eit viktig tilbod i ungdomsskolen, både for å skape trivsel og for læring. For å sikre at skulene skal ha råd til dette, har SV auka overføringane til skulene med 1,5 millionar kroner. Dette skal finansiere klassetur for alle 10. klassane og styrkje den generelle økonomien til skulene.
SV innfører også ei forsøksordning med leksefri skole.
Her er det sett av midlar slik at dette kan prøvast på eit par skular i kommunen. Vi ønskjer primært å prøve dette på skoler der rektor og lærarane ønskjer ein leksefri skule. Korleis dette skal implementerast, må fagforeiningane, skuleleiinga og kommuneadministrasjonen saman finne ei løysing på.
På Fusa ungdomsskole har det vore ei prøveordning med skolefrukost. Denne ordninga må evaluerast grundig, slik at vi kan får frem dei positive effektane det har hatt og få eit grunnlag for å avgjera om skulemat skal innførast i alle skulane i kommunen.
I kommunedirektøren sitt budsjett er det lagt opp til ein reduksjon med eitt årsverk hos kommunepsykologen innan oppvekst, samstundes som det på budsjettkonferansen vart påpeika at psykiske problem hos barn og ungdom er eit aukande problem. SV meiner det vert feil å kutte der når behovet er aukande, og dette kuttet er difor reversert i vårt budsjett. Det er dyrt å ha barn i SFO og barnehage. For å gjere dette litt billigare for familiar med fleire barn som brukar slike tenester, ønskjer SV å innføre søskenmoderasjon mellom SFO og barnehage, og for familiar med fleire barn i SFO. Moderasjonen bør vera på 30%, slik det er no for dei som har to barn i barnehagen. SV har sett av ein million til dette tiltaket. Eventuelle pengar som er til overs, vil gå til å redusere prisene i SFO generelt.
• TABELL under hovudbildet (1-7 i same bildefil)
Eldreomsorg
Eldreomsorga i Os-delen av kommunen har nyleg hatt ei varslarsak, og konklusjonen til advokatfirmaet SANDS, som handsama dette varselet, er at bemanninga bør aukast, og at det trengs ekstra hjelp under måltida. Varselet og rapporten tok for seg ei enkelt avdeling, men det er ingen grunn til å tro at ikkje mykje av utfordringane kan overførast til andre avdelingar, sjølv om behovet for auka bemanning kanskje ikkje er like prekært over alt.
SV ønskjer å tilføre eldreomsorga 15 nye årsverk for å sørgje for at bemanninga til ein kvar tid er forsvarleg, og for å betre tilbodet til dei eldre.
Dette påverkar ikkje budsjettet i 2020 da det er finansiert av SIO, men det vil påføre kommunen ekstrakostnadar når vi går ut av SIO, noko SV har tatt høgde for i økonomiplanen. Denne auken i årsverk skal i hovudsak skje ved å auke stillingsprosenten til personar som alt arbeider innan eldreomsorga i kommunen. Vanskar med å få turnus til å gå opp, er ikkje grunnlag for nytilsettingar.
Kjøkken på Luranetunet har vore eit tema i fleire år. Her må fleire modeller greiast ut for at vi skal vere sikker på å få den best moglege løysinga for både tilsette og bebuarar. SV ønskjer fortgang i dette arbeidet, slik at vi kan få eit kjøkken på plass så snart som mogleg og kan søke statleg delfinansiering. Husleiga i omsorgsbustad i kommunen er for høg.
For bebuarar på Luranetunet med lågaste pensjonssats, tyder det at dei berre har rett over 100 kroner til overs etter faste utgifter per månad. SV sitt budsjett legg opp til å redusere husleiga med 2000 kroner per månad, slik at også minstepensjonistar utan bustønad har pengar til eige bruk kvar månad.
• TABELL 2 under hovudbildet (1-7 i same bildefil)
Sosialtenester
Vår kommune er ein av kommunane som gjev kutt i sosialstønad for barnetrygda. Dette meiner vi i SV er djupt urettferdig og gjer det vanskelegare for barn i familiar som mottar sosialstønad å delta på dei same aktivitetane som andre barn. SV foreslår derfor å holde barnetrygda utanfor når sosialstønaden skal utreknast.
Kommunedirektøren nyttar fjorårets satsar til å rekne ut sosialstønaden. Det tyder at mottakarar av sosialstønad effektiv sett, mottar litt mindre enn staten sine tilrådingar. Dette meiner SV er småleg, og SV foreslår difor å nytte årets satsar til å rekne ut sosialstønaden. Det kostar ikkje kommunen mange kroner, men kan tyde mykje for dei som får denne stønaden.
Mange born veks opp i fattige familiar. Å holde barnetrygda utanfor når man reknar ut sosialstønad, og å bruka årets satsar, vil hjelpe ein del, men ikkje nok.
SV set difor av 500 000 ekstra som skal gå til tiltak for å hjelpe barn i fattige familiar, også dei som ikkje får sosialstønad.
Dette kan for eksempel vere pengar til sykkel eller anna utstyr borna treng, støtte til ferie eller konfirmasjon, eller for å dekke kostnader til turar med idrettslag eller andre organisasjonar for å nemne nokon eksempel. SV meiner barn skal kunne delta som normalt uavhengig av foreldra sin økonomi. Tenesteutvalet må vera involvert i utarbeidinga av nærmare retningslinjer for korleis pengane best kan fordelast for å komme barnefamiliar til gode.
• TABELL 3 under hovudbildet (1-7 i same bildefil)
Næringsliv
SV ønskjer at Bjørnafjorden skal vere ein attraktiv kommune for næringslivet, og vi har som mål å få oppretta fleire arbeidsplassar i kommunen for å få ned utpendlinga. Dette er viktig både i forhold til miljø og i forhold til kommunens inntekter. For å få dette til, er utviklinga av gode, framtidsretta næringsområde viktig. SV støttar difor utviklinga av både Lyseparken næringspark og Samnøy næringsområde og kjem til å jobbe for å få realisert disse så raskt som mogleg utan at det skal gå utover dei framtidsretta løysningane.
For SV er det også viktig å ta vare på det næringslivet vi alt har i kommunen. Difor ønskjer SV å vidareføre støtta til Bjørnafjorden næringsråd og Visit Bjørnafjorden.
• TABELL 4 under hovudbildet (1-7 i same bildefil)
Kultur
Kultur er viktig for SV, men på grunn av tronge rammar og harde prioriteringar, har vi ikkje funne rom for store ekstra overføringar utover tilrådingane i kommunedirektøren sitt budsjett. Kulturskulen får 400 000 i auka overføringar for å få ned ventelistene og gjere tilbodet tilgjengeleg for fleire, og Oseana KF sine overføringar aukast med 100 000. Det vert sett av 200 000 som frivillige lag og organisasjonar kan søkja om tilskot til. Tenesteutvalet forvaltar desse midlane.
For SV er det viktig at Fjellheim vert teken vare på, og ideen om at Oseana KF tar over bygget og drifter det som eit kulturbygg, er svært spennande.
SV ønskjer å trekke Fjellheim frå marknaden og ber Oseana KF om å arbeide vidare med planane for Fjellheim. SV set av 5 millionar i økonomiplanen til ombygging/oppussing av Fjellheim om planane til Oseana KF viser seg moglege å realisera.
Dei årlege overføringane til Oseana KF vil auka når Fjellheim er i drift som kulturhus, i tråd med auka tilbod. SV står ved kommunedirektøren sin tilråding om å kjøpe samfunnshuset i Eikelandsosen. Vi treng eit samfunnshus i Eikelandsosen, og SV ønskjer derfor å kjøpe og ruste opp dette bygget. Vi meiner det bør leggjast til rette for å ha enkelte førestillingar i dette samfunnshuset etter ei oppussing, gjerne i samarbeid med Oseana KF. SV set difor av 2 millionar ekstra til oppussing av samfunnshuset i Eikelandsosen, slik at huset kan nyttast til fleire varierte førestellingar.
• TABELL 5 under hovudbildet (1-7 i same bildefil)
Veg
Mange kommunale vegar i Bjørnafjorden treng vedlikehald og oppgradering. I kommunedirektøren sitt budsjett er det sett av 3,6 millionar til dette formålet, omtrent like mykje som tidlegare år. SV meiner at det er eit behov for å bruke meir pengar på vedlikehald og oppgradering for å unngå at etterslepet blir enda større, og vi foreslår difor å auke dette beløpet monaleg.
TABELL 6 under hovudbildet (1-7 i same bildefil)
Kommunale avgifter
Dei kommunale avgiftene i kommunen er høge grunna fleire store investeringar og fordi OHARA vart mykje dyrare enn budsjettert. Den auka børa ein eigedomsskatt vil påføra innbyggjarane i kommunen, gjer at vi i SV ønskjer å stoppe veksten i kommunale utgifter. SV foreslår difor å utsetje ein del prosjekt innan vatn og avlaup for å redusere veksten i kommunale avgifter. SV foreslår derfor å utsette prosjekter for til saman 200 millionar kroner i planperioden, noko som vil
redusere dei kommunale utgiftene med ca. 1180 kroner per husstand per år. I åra etter utsetjingane bør investeringsbudsjettet aukast noko for å hindre at etterslepet i vedlikehald blir enda større enn i dag. Tilkoplingsavgifta for vatn og avlaup reknast ut frå areal, og for store næringsbygg kan summane bli svært høge med kommunedirektøren sitt forslag, spesielt for store lagerbygg med lite behov for vatn og kloakk.
SV foreslår difor følgande endringar i tilkoplingsavgift for næring og landbruk; Tilkopling av vatn for næringsbygg, inkludert landbruk, skal koste 143,- pr. m2 bruksareal opptil 1000m2, og kroner 50,- pr. m2 bruksareal utover dette.
Tilkopling av avlaup for næringsbygg, inkludert landbruk, skal koste 264,- pr. m2 bruksareal opptil 1000m2, og kroner 90,- pr. m2 bruksareal utover dette.
I særskilte høve, kor tilkoplingsavgifta vert urimeleg høg for særleg store bygg, får kommunedirektøren fullmakt til å fastsetja eit rimeleg tilkoplingsgebyr.
Å redusere dei kommunale avgiftene for næring meir enn dette, vil flytte ein for stor del av kostnaden over på private bustader, og det er ikkje ønskeleg.
Kommunal vikarsentral
Det er høg vikarbruk i kommunen, både frå vikarbyrå og av «ringehjelp». Innleige frå vikarbyrå kostar mykje meir per time, og bruk av «ringehjelp» er tidkrevjande. I mange høve brukar kommunen ufaglærte i roller der det burde vere kvalifisert personell. SV ønskjer difor å opprette ein kommunal vikarsentral som i første omgang skal dekke eldreomsorg og oppvekst, og kvar dei tilsette i vikarsentralen skal vere fast tilsette i 100 % stilling.
Administrasjonen må rekne på kor mange årsverk som krævast for å dekkje eit vanlig sjukefråvær innan dei forskjellige stillingskategoriane og tilsetje vikarar deretter. SV har ført dette opp som ei innsparing i budsjettet, fordi mindre bruk av vikarbyrå, vil kunne redusere utgiftene kraftig.
Eigedomsskatt
Kommunen er i ein vanskelig situasjon økonomisk. Sjølv utan å heve tenestene slik SV ønsker, kan det bli behov for eigedomsskatt innan få år. Underskotet i kommunedirektøren sin økonomiplan ligg på 60 millionar kroner, og når vi går ut av SIO (statleg finansiert eldreomsorg) om få år, manglar vi ytterlegare 90 millionar kroner. I tillegg til den økonomiske utfordringa er tenestene, etter SV sitt syn, ikkje gode nok. Derfor meiner SV det er lurt å planlegge for desse framtidige utgiftene alt no, og at det dessverre er nødvendig med ein moderat eigedomsskatt for å få betre tenester i kommunen.
I 2020 har SV difor planlagt med en eigedomsskatt på 1 promille for bustad, med eit botnfrådrag på 500 000, og 2 promille for næring.
Totalt meiner SV at det er realistisk å få inn 36 millionar i eigedomsskatt i 2020.
I økonomiplanen aukast satsane ytterlegare i 2021, til høvesvis 2 promille for bustad og 4 promille for næring. Botnfrådraget for bustad vert halde på 500 000.
I 2022 aukast satsane til høvesvis 3 og 5 promille, og botnfrådraget for bustad aukast til 800 000. Dette er nødvendig om kostnadsestimata for å gå ut av SIO, stemmer. Skulle det vise seg at kostnadene ikkje blir så høge som vurdert, vil SV redusere satsen for eigedomsskatt på bustad omgåande.
Eigedomsskatten for næring er i heile planperioden lågare enn kva den var i Fusa. SV har bevisst valt å stoppe på 5 promille for å unngå at eigedomsskatten på næring blir høgare i Bjørnafjorden enn i Bergen. Dette for å hindre ein eventuell næringsflukt til nabokommunen. Samstundes ser vi at næringslivet hadde god vekst i Fusa, sjølv med ein høgare eigedomsskatt, så SV ser på risikoen for næringsflukt som liten, sjølv med ein høgare eigedomsskatt.
Investeringar
SV er stort sett einig i kommunedirektøren sitt framlegg til investeringar, men vi har gjort nokre små endringar. Vi har fjerna «Tollaneset» i påvente av meir informasjon om prosjektet. SV er i utgangspunktet skeptisk til bygging i strandsona og til at kommunen skal bidra økonomisk til private prosjekt. I tillegg til kommunedirektøren sine investeringar, har vi sett av pengar til «leie til eie», auka ramma for startlån og sett av pengar til eit klimafond. SV ønskjer å auke budsjettet for startlån slik at kommunen kan hjelpe enda fleire med å skaffe seg eigen bustad. Sjølv om dette aukar kommunen sitt låneopptak, aukar det ikkje utgiftene til å betala låna noko særleg, då renter og avdrag vert betalte av den som kjøper bustaden.
SV har fått stadfesta av NAV i Os at det er behov for meir startlån og håpar ei auke på 10 millionar i året vil dekke behovet.
Ikkje alle som treng hjelp til å skaffe seg bustad møter krava til startlån i Husbanken, difor ønskjer SV å opprette en kommunal ordning med «leige til eige» for å hjelpe denne gruppa. Ungdom som ikkje har klart å spare opp nok eigenkapital, og personar som per dags dato ikkje møter krava til betalingsevne, men som kommunen trur vil vere i stand til det på eit seinare tidspunkt, er eksempel på grupper som denne ordninga vil hjelpe.
SV set av 5 millionar til dette i 2020 og 10 millionar dei påfølgjande åra i økonomiplanen. Klimafondet er planlagt slik at kommunale føretak og einingar kan søke om midlar herifrå til klimatiltak, det vere seg varmepumper, solcellepanel eller andre ting som reduserer utslepp av klimagassar. Dette er eit av verkemidla for å få ned kommunen sine klimagassutslepp. Klimafondet vert tilført 3 millionar kroner årleg til klimatiltak.
• TABELL 7 under hovudbildet (1-7 i same bildefil)
Økonomiplan 2020 - 2023
I vår økonomiplan har vi tatt omsyn til det faktum at prosjekt med statleg finansiert eldreomsorg er ferdig ved utgangen av 2022. Då vil utgiftene til kommunen auke med om lag 90 millionar meir enn inntektene. Det tyder at kommunen i løpet av planperioden anten bør kutte for 150-180 millionar eller inntektene må auke tilsvarande. I vår økonomiplan har vi lagt opp til at inntektene skal auke og at utgiftene etter 2020 fell noko grunna innsparingar frå kommunedirektøren sitt prosjekt «Bjørnafjorden 22».
SV trur kommunedirektøren sine mål for «Bjørnafjorden 22» er litt for ambisiøse, og kommunen risikerer at kutta går ut over tenestenivå og arbeidsforhold.
Vi har difor budsjettert med litt mindre innsparingar for «Bjørnafjorden 22» enn summane nemnt på budsjettkonferansen. Vår økonomiplan legg opp til overskot i heile planperioden, og vi går nesten med nok overskot i 2023 til å handtere eventuelle ekstrautgifter når vi går ut av SIO, noko SV meiner er viktig for å sikre trygge økonomiske rammer i åra framover. Det er få nye element i vår økonomiplan i åra etter 2020 i høve kommunedirektøren sin plan. Som nemnt tidlegare, ønskjer vi å utvide ordninga med miljøterapeutar i skolen, dette er det sett av midlar til i 2021.
I 2022 vil vårt forslag om auka overføringar til dei kommunale barnehagane i 2020 gjere at også dei private barnehagane får meir midlar, derfor ligg det også inne pengar til å dekke dette. Utover det er det ingen nye utgifter i vårt driftsbudsjett i planperioden. Totalt legg SV sin økonomiplan opp til auka utgifter på rett over 41 millionar i 2023, samstundes som inntektene aukar med 77 millionar som følgje av eigedomsskatt. I investeringsbudsjettet har vi slått saman «Liv på Øyro» og «Miljøgate Eikelandsosen» til «Liv i krinsane». Oppstart er framskunda til 2021 og den totale ramma for prosjekta er lik, men vil strekkje seg til utover planperioden. Innanfor planperioden er beløpet redusert med 5 millionar. Dette prosjektet vil dekke alle krinsane i kommunen, ikkje berre Osøyro og Eikelandsosen.
Vi har ikkje sett av midlar til kjøkken på Luranetunet i økonomiplanen fordi vi treng meir kunnskap om kva det vil koste og når det er mogleg å starta bygginga. Det har høg prioritet og vi håper at vidare planlegging kjem i gang snart.
Vidare har SV auka ramma for «Samfunnshus Eikelandsosen» med 2 millionar i 2022 for å kunne pussa opp bygget slik at det også kan brukast til førestillingar og bygdekino. SV ønsker også å hjelpe Oseana KF med å byggje om Fjellheim til kulturhus og har sett av 5 millionar til dette formålet i 2022.
• Endringar i driftsbudsjettet 2020 - sjå tabell 8 under hovudbildet
• Endringar i investeringsbudsjettet - sjå tabell 9 under hovudbildet