Sport | 15. sep. 2013

Suverene i comebacket

Os basketballklubb har lagt nede dei siste åra. Sundag viste dei solide takter då dei knuste U Phil 83-25 i Oshallen.

Suverene i comebacket
Os basketballklubb (i blått) var suverene då dei banka U Phil sundag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 15. sep. 2013 19:42

For fire sesongar sidan spelte Os basketballklubb (OBBK) i 2. divisjon og rykte opp til 1. divisjon, men dei auka kostnadane dette ville medføra gjort at klubben trekte seg og aktiviteten blei lagt ned.

No er OBBK på gang igjen, no i 4. divisjon, men framleis med fleire av spelarane som var med å kvalifisera laget for 1. divisjon.

– Vi trener i gymsalen på barneskulen. Det er ikkje akkurat det beste treningstilhøva, men no er vi klare for spel, fortalde lagleiar Lars Arne Øvredal Boge før kampen.

– Seniorgruppa tel om lag 20 spelarar no i haust.

– Eg reknar med at det kjem endå fleire når vinteren set inn. I tillegg har vi ei barnegruppe med 10-12 spelarar, fortel Boge.

U Phil klarte etterkvart å få dei naudsynte fem spelarane på parketten i Oshallen. Men med full benk hos vertane hadde gjestane frå Åsane lite å stilla opp med. OBBK feide over dei gulkledde gjestane og såg seg ikkje tilbake før det sto 83-25 på tavla ved full tid.

– Vi har vel eit håp om at vi skal ta dei, fortalde Boge før kampen, og det fekk han heilt rett i.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.