Suveren siger over Odda
VIDEO: Os sløste med sjansane, men tok likevel ein firemålssiger heime over Odda søndag ettermiddag.
Ei solrik og livleg cuphelg for unge fotballspelarar i og rundt Os blei i dag runda av på best mogleg måte for arrangørklubben.
A-laget, som framleis står utan tap på heimebane, tok imot Odda, som frå før hadde vunne 3 av 4 bortekampar.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
– Vi går til kamp med ei heilt anna innstilling enn vi har gjort på bortebane og leverer bra heime nok ein gong, seier Os-trenar Jørn Vegard Berge nøgd.
– I dag er vi ikkje gode nok i nokre av omgangane. Os vinn fortent, seier assistent-trenar for Odda, Øyvind Bjørkevoll.
Os - Odda 4-0 (2-0)
Målskårarar, Os: Dani Alvær Bergstø (31. og 42.), Ørjan Glesnes (81.) og Stian Lunde (91.).
Os (4-3-3): Frode M. Øvredal - Torkel Hjertnes, Dani Bergstø, Børge Borgen, Glenn Krossøy - Stian Lunde, Erik Kanestrøm, Mats Lepsøe - Mats Cato Moldskred, Ørjan Glesne og Roar Vestbø.
Innbytarar med speletid: Håkon Kvittingen og Håvard Grøteide.
Det tok tid før første ballen låg i nota. Mats Cato Moldskred skaut hardt, men rett utanfor på heil volley og Erik Kanestrøm var like nær på innlegg frå kant før midtstoppar Bergstø nikka inn 1-0 i 31. minutt.
Kort tid etter hadde Øvredal ei imponerande og viktig redning i det som kanskje var Odda sin største sjanse i kampen.
Bergstø var nær på å repetera suksessen før det blei slått til ny corner. På neste forsøk nikka han på keeper før han sette inn returen frå eigen heading med foten. 2-0 tre minutt før pause.
– Eg er veldig nøgd med første omgang, seier Berge.
Snytt for straffe
Os starta også 2. omgang bra.
– Men så, då Odda la seg litt nedpå, kom ein periode der vi gjorde mykje rart. Det var dårlege pasningar og nokre litt ukloke val.
Likevel kom det sjansar, som då Roar Vestbø var gjennom, blei skubba i bakken og ikkje fekk straffe.
Kort tid etter stupheada han mot mål, men den stødige Odda-keeperen redda.
Årets mål?
Vestbø sto i 81. minutt feilvendt og la opp til Glesnes, som fyrte av frå 20-25 meter og rett i krysset via hanskane til Korssund i Odda-målet.
Litt meir trøkk blei det då Os i 86. minutt tok to byte fire minutt før full tid.
Grøteide kom med to gode innlegg på rad, det eine blei heada rett på keeper av Kanestrøm.
Så kom Hjertnes på overlapp og la inn til Lunde, som skaut i bakken så ballen pakka og spratt mot kryssen på motsett side, 4-0 eitt minutt på overtid.
Os speler neste kamp borte mot Vard Haugesund 2 tysdag 10. juni.
Med dagens siger klatra dei frå 8. til 6. plass på tabellen, a-poeng med Odda på 5. plass.
VIDEO: Sjå skåringane og nokre av sjansane. (Foto: Andris Hamre)